FFS av FFS

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

FFS er det einaste studioalbumet til den skotsk-amerikanske supergruppa FFS, som består av medlemmar frå det skotske bandet Franz Ferdinand og det amerikanske bandet Sparks. Det kom ut 8. juni 2015 på Domino. Albumet vart spelt inn i løpet av ein 15 dagar lang periode seint i 2014 i RAK Studios i London og vart produsert av John Congleton. Sjølv om albumet vart spelt inn i 2014, hadde dei to banda møtt kvarandre første gongen i midten av 2000-åra. ALbumet fekk god kritikk då det kom ut.

Meir informasjon Franz Ferdinand-kronologi, Sparks-kronologi ...

Det vart gjeve ut fem singlar frå albumet: «Piss Off», «Johnny Delusional», «Collaborations Don't Work», «Call Girl» og «Police Encounters»

Remove ads

Bakgrunn og innspeling

Franz Ferdinand og Sparks byrja opphavleg å arbeide på musikk i lag i 2004, kort tid etter Franz Ferdinand gav ut debutplata si, då dei oppdaga at dei to banda var fans av kvarandre. Dei hadde send kvarandre nokre få demoar, mellom andre «Piss Off», det tolvte sporet på FFS, men dei to banda var travle på kvar sin kant og fekk ikkje høve til å spele inn eit album i lag. Ni år seinare vart det annonsert at begge banda skulle spele på Coachella Valley Music and Arts Festival i 2013. Då Alex Kapranos, medlem i Franz Ferdinand, leita etter ein tannlege i San Francisco, gjekk han forbi Ron og Russell Mael i Sparks. Mael-brørne inviterte bandet til å sjå sitt sett på festivalen, og seinare vart dei to banda samde om at det var på tide å spele inn eit album i lag.[1] FFS vart spelt inn i RAK Studios i London[2] i løpet av 15 dagar seint i 2014. Det vart produsert av den Grammy-vinnande produsenten John Congleton.[1] Albumet er blitt skildra som kunstrock,[3] electropop,[4] indiepop[5] og dance-rock.[6]

Remove ads

Marknadsføring og utgjeving

Same dagen som skipinga av gruppa vart annonsert, gav dei ut ein 30 sekund lang teaser-video på den offisielle YouTube-kanalen sin kalla «The Domino Effect», med songen «The Power Couple», den tiande songen på albumet, som spelte i bakgrunnen av videoen.[7] «Piss Off» kom ut som den første singelen den 1. april 2015.[8] Musikkvideoen til «Piss Off» kom ut 7. juni.[9] DEi annonserte òg at dei skulle ut på ein tre månadar lang turné i lag i Europa den same dagen.[10] «Johnny Delusional» kom ut på singel 13. april[11] og fekk ein musikkvideo 19. mai.[12] «Collaborations Don't Work» var den tredje singelen, utgjeve 27. april og vart først spelt på radioprogrammet Radcliffe & MaconieBBC Radio 6 Music.[13] «Call Girl» kom ut som den fjerde singelen 28. mai[14] med ein musikkvideo som kom 14. oktober.[15] Kort tid etter kom «Police Encounters» den 23. oktober som den siste singelen deira, med B-sida «Antarctica», ein song som ikkje kom med på albumet.[16]

FFS kom ut 8. juni 2015 på Domino.[8] Albumet kom både i ei standardutgåve og ei luksusutgåve med fire bonusspor: «So Many Bridges», «King of the Song», «Look At Me» og «A Meolent Death». Ei avgrensa utgåve kom på raud vinyl, der ti eksemplar var signert av gruppa.[17][18]

Remove ads

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Samla karakter ...

FFS fekk positive meldingar frå musikkritikarar. På nettstaden Metacritic har albumet ein poengsum på 78/100 baserte på 24 kritikarar, noko som indikerer «generelt gunstige meldingar».[19]Consequence of Sound skreiv Ryan Bray: «Det er tydeleg frå første stund at ting på FFS kjem til å gå heilt fint, og plata held stort sett momentumet gåande til slutten. Den panikkslagne danserocken til Franz Ferdinand får ny leiga, sjølv om det er ei mild gjenoppfinning. I mellomtida er Sparks på sitt sære best takka vera det nyoppdaga samarbeidet deira. Begge artistane insisterer på at FFS ikkje er eit eingangsprosjekt, at dei er investerte i prosjektet som ein ting på heiltid. Denne debuten er nok til å få deg til å håpa at begge sider held det løftet.»[6]

Carla Gillis skriv for Now at: Det er kanskje for rart for den gjennomsnittlege FF-tilhengjaren – «Dictator's Son» er til dømes total nerdeprog, og dei fleste låtane tar skarpe svingar – men andre vil oppleva at paret har revitalisert stilen til FF og tatt det i ei langt meir interessant retning, samtidig som det set Sparks i eit forseinka søkelys. Vokaloppgåvene blir delte sømlaust mellom Alex Kapranos i FF og Russell Mael i Sparks, ei sjokkerande jamn overføring av stafettpinnen i kvar song.[25]

Hos The A.V. Club skreiv Annie Zaleski at albumet «saumlaust smeltar saman dei to banda sine soniske stilar. Spennande piano, frekke keyboard, glammy gitarar, rytmiske digitale støyt og teatralske arrangement fører til musikk som er nærskyldt med ei blanding av Broadway-musikalar, klassisk rock frå 70-talet og perforert elektropop.»[21] Andy Gill skreiv for The Independent at musikalsk sett er albumet: «ei nesten saumlaus blanding av stilane i dei to gruppene, variasjonar på ein slags operatisk indie-elektropop, som minner om Devo frå Freedom of Choice-tida, skravlete Kraftwerk-techno og, i dei meir melankolske omgivnadene busett av "Little Guy from the Suburbs", ein eim av Leonard Cohen. Russell Mael og Alex Kaprano sine røyster flettar likeeins behageleg saman på dei delte songane deira, medan begge partar ser ut til å ha egga kvarandre lyrisk, med songar om ein diktatorson som lever stort, ei japansk jente med ein «Hello Kitty Uzi», og eit litani av «Things I Won't Get» som inkluderer både luksus (ein Bentley Arnage), kvalitetar (kjendis) og teoriar («Schoenberg og tolvtone og slikt»), alt visstnok oppvege av trøysta til kjærleiken til ein partnar.»[5]

Lovord

FFS dukka opp på tre årslister hos kritikarane. I januar 2016 vart albumet nemnt av NME som ei av dei 16 beste samarbeidsplatene.[28] I juni 2016 vart det nominert til årste skotske album.[29]

Meir informasjon Land, Publikasjon ...
Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Frå plateomslaget.[33]

FFS
Produksjon
  • Greg Calbimastering
  • John Congletonlydteknikar, miksing (spor 3–6, 8–16), produsent
  • Mike Horner – assisterande lydteknikar
  • Cenzo Townshend – miksing (spor 1, 2 og 7)
Andre medverkande
  • Cerne Canning – management
  • Sue Harris – management
  • Matthew Cooper – layout-design
  • David Edwards – fotografi
  • Galen Johnson – design av framsida
Remove ads

Salslister

Meir informasjon Liste (2015), Plassering ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads