FISINT
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
FISINT (av engelsk Foreign Instrumentation Signals INTelligence) er etterretning frå utanlandske elektromagnetiske utslepp knytt til testing og operativ distribusjon av utanlandsk luftfart, bakkesystem og andre relaterte system.[1] Sidan det handlar om signal som liknar vanleg samband, er det rekna som ein underkategori av COMINT, som, i sin tur, er ein underkategori av SIGINT. I motsetnad til generelle COMINT-signal, er ikkje innhaldet av FISINT eit vanleg menneskeleg språk, men snarare eit maskin til maskin (instrumentering)-språk eller i ein kombinasjon av vanlege menneskelege språk og instrumenteringsspråk. FISINT er òg regka som ei undergruppe av MASINT (måling- og signaturetterretning).
Typiske døme på slik kommunikasjon er:
- Telemetridata (TELINT). Rakettar, satellittar og andre eksternt overvaka einingar som ofte overfører straumar av data om posisjon, fart, motorstatus og andre berekningar.
- Videodatakoplingar. Desse kan vera frå UAV-ar eller frå satellittar brukt til rekognosering.
- Eksternt tilgjenge til, og kontroll over overføringar, til dømes frå eksterne nøkkelfrie system, trådlause dørklokkar og trådlause trafikklyskontrollsystem.
- Styringssignal som vert brukt i teleoperasjon, til dømes kontroll av luftfarkostar, rakettar, missil og eksternt kontrollerte robotar.
Remove ads
Sjå òg
- SIGINT: Signaletterretning
- HUMINT
- IMINT: Bileteintelligens
- Måle- og signaturetterretning (MASINT)
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads