Fahree

From Wikipedia, the free encyclopedia

Fahree
Remove ads

Fəxri İsmayılov[1] (fødd 10. april 1995),[2] profesjonelt kjend som Fahree, er ein aserbajdsjansk songar og låtskrivar. Han representerte Aserbajdsjan i Eurovision Song Contest 2024 med songen «Özünlə apar», saman med İlkin Dövlətov.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Bakgrunn

İsmayılov blei fødd den 10. april 1995 i Baku. Han vaks opp i ein kunstnerisk familie; faren hans var jazztrommeslagar og bestefaren hans var skodespelar. Han har både bachelor- og mastergrad i rettsvitskap. På høgda av covid-19-pandemien vigde han seg til musikken og følgde barndomsdraumen om å bli musikar.[3]

Karriere

I 2022 gav Fahree ut debutsingelen sin «Dance».[4] Seinare gav han ut ytterlegare to singlar.

I slutten av oktober 2023 offentleggjorde İctimai Televiziya (İTV) at Fahree var blant dei seksten kandidatane som var kortlista i den aserbajdsjanske uttakinga til Eurovision Song Contest 2024.[5] Veka etter blei han kunngjord å vere blant dei seks kandidatane som hadde gått vidare til sluttfasen.[6] Den 7. mars 2024 blei han offentleggjord som den valde representanten til Eurovision Song Contest.[7] Han blei akkompagnert på scena av İlkin Dövlətov, ein av dei andre finalistane i den aserbajdsjanske utveljinga.[8] Duoen deltok i den fyrste semifinalen tysdag 7. mai 2024, med songen «Özünlə apar».[9] I semifinalen blei duoen nummer 14 av 15 bidrag, med 11 poeng, og var dimed ikkje kvalifisert til finalen laurdag 11. mai.[10]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads