Falcon 9
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Falcon 9 er ein 70 meter høg tostegsrakett frå SpaceX.[1] Fyrstesteget på raketten har landa på jorda etter vellukka oppskyting fleire gonger, mellom anna på droneskip til havs.[2] Falcon 9 er den fyrste privatbygde raketten som har skote menneske opp i bane kring jorda.[3]







31. mars 2017 norsk tid vart eit Falcon 9-fyrstesteg nytta om att for fyrste gongen då det skaut opp kommunikasjonssatellitten SES-10. Dette fyrstesteget hadde skote opp last til Den internasjonale romstasjonen 8. april året før. Dette var fyrste gongen ein rakett i stand til å setja ting inn i jordbane hadde vore nytta om att sidan dei amerikanske romferjene.[4] Seinare vart endå eit Falcon 9-fyrstesteg nytta om att.[5]
Remove ads
Tidsline
- 4. juni 2010: fyrste oppskytinga av ein Falcon 9-rakett[6]
- 22. desember 2015: fyrste vellukka landinga av eit Falcon 9-fyrstesteg[7]
- 8. april 2016: fyrste vellukka landinga av eit Falcon 9-fyrstesteg til havs på eit droneskip[8]
- 31. mars 2017: fyrste Falcon 9-fyrstesteget skote opp for andre gongen[4]
- 11. mai 2018: fyrste blokk 5-utgåva av Falcon 9 skoten opp[9]
- 3. desember 2018: fyrste Falcon 9-fyrstesteget skote opp for tredje gongen[10]
- 30. mai 2020: fyrste oppskytinga med menneske om bord[3]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads