Fallen Angels av Bob Dylan

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads
Remove ads

Fallen Angels er det 37. studioalbumet til Bob Dylan, utgjeve på Columbia Records den 20. mai 2016.[1]

Meir informasjon Bob Dylan-kronologi, Singlar frå ...

Albumet består av coverversjonar av tolv klassiske amerikanske songar vald ut av Dylan frå ei rekkje låtskrivarar som Johnny Mercer, Harold Arlen, Sammy Cahn og Carolyn Leigh.[1] Som det førre albumet, Shadows in the Night, vart alle songane på albumet, utanom «Skylark», ein gong spelt inn av Frank Sinatra.[2]

Albumet fekk generelt god kritikk av kritikarane, særleg synginga til Dylan, produksjonskvaliteten og arrangementa til bandet.[3] Fallen Angels vart nominert til Grammyprisen for beste tradisjonelle popvokalalbum i februar 2017.[4]

Remove ads

Innspeling

Fallen Angels vart spelt inn i 2015 i Capitol Studios i Hollywood, med turnébandet sitt.[1]

Utgjeving

Fallen Angels kom ut på Columbia Records den 20. mai 2016.

Før albumet kom ut, den 7. april 2016, vart songen «Melancholy Mood» lagt ut på iTunes[1] og via strøyming på YouTube. Den 28. april 2016, dagen då Dylan fullførte ein turné i Japan, kom eit anna spor frå albumet ut, «All the Way», på iTunes og YouTube.

For å marknadsføre albumet gav Dylan ut ein 7" EP den 16. april 2016 kalla Melancholy Mood, avgrensa til 7000 eksemplar.[5]

Remove ads

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Samla karakter ...

Fallen Angels fekk generelt god kritikk frå kritikarane. På Metacritic, som gjev ei normalisert rating opp til 100 basert på andre meldingar, har albumet ein score på 77, basert på 21 meldingar.[3]

Særleg la kritikarane vekt på arrangementa til bandet, produksjonen og røysta til Dylan. Andy Gill i The Independent skreiv «den rolege klimpringa og fyldige pedalsteelgitaren til bandet hans legg ei folkeleg countrystemning over den elegante og verdsmatte smørsongarvokalen til Dylan.».[10] Helen Brown skreiv for The Daily Telegraph og hylla òg vokalen til Dylan på albumet, og sa: «Sjølv om somme alltid har hevda at Dylan 'ikkje kan syngje', er sanninga at på same måte som Sinatra, har han alltid hatt ein slåande hang til å få teksten gjennom. No eig han klassiske linjer av låtskrivarar som Johnny Mercer lett som berre det.»[15]

Stephen Thomas Erlewine i AllMusic skreiv: «Desse kloke og snedige tolkingane understrekar det ultimate målet til Dylan med desse Sinatra-platene, som er på smart vis å knyte saman ulike trådar av amerikansk musikk, bringe Tin Pan Alley til pubane og ta urskogen inn i byen. Resultata er underdrivne, men likevel usedvanlege. Eit særeige, romantisk syn på Amerika på 1900-talet.»[6]

Chris Gerard, skreiv for PopMatters, og meinte at albumet ikkje heilt klarte å leve opp til standarden Dylan sette med det førre Great American Songbook-prosjektet, Shadows in the Night, men var elles positiv: «Det er ikkje på same nivå som Shadows in the Night, som er mørkare, meir kjenslemessig intenst og alt i alt ei meir potent oppleving. Stundom kjennest Fallen Angels meir ut som ein lettvektar. Det er likevel ei rørande hyllest til lidenskapen Dylan framleis har for musikk, kjærleiken hans til å framføre og feiringa av forbanna gode songar.»[14]

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

  • Bob Dylan – vokal

Andre medverkande

  • Charlie Sexton – gitar
  • Stu Kimball – gitar
  • Dean Parks – gitar
  • Donnie Herron – steelgitar, bratsj
  • Tony Garnier – bassgitar
  • George Recile – trommer

Produksjon og teknisk

  • Al Schmitt – miksing og lydteknikar
  • Steve Genewick – assisterande lydteknikar
  • James Harper – blåsearrangement/dirigent
  • Greg Calbi – mastering
  • Geoff Gans – plateomslag

Salslister

Meir informasjon Liste (2016), Plassering ...
Remove ads

Kjelder

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads