Far'a

From Wikipedia, the free encyclopedia

Far'a
Remove ads

Far'a eller al-Fari'ah (arabisk مخيّم الفارعة) er ein palestinsk flyktningleir nede i Jordandalen, nordvest på Vestbreidda, 12 kilometer sør for Jenin og to kilometer sør for Tubas, tre kilometer nordvest for Tammun og 17 kilometer nordaust for Nablus. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde leiren eit folketal på 5 750 flyktningar i 2006,[1] men UNRWA registrerte 7 244 flyktningar.[2]

Kjappe fakta Land, Guvernement ...

Far'a vart grunnlagd i 1949 etter den arabisk-israelske krigen i 1948 på 255 mål land. Han er ein av få leirar på Vestbreidda som er forsynt med vatn frå den nærliggande kjelda Far'a, som leiren har fått namn etter. Leiren vart okkupert av Jordan og så Israel fram til november 1998, då han vart gjeven over til Den palestinske sjølvstyresmakta, som følgje av Wye River-avtalen.[2]

Det meste av arbeidsstyrken i leiren driv med jordbruk og somme arbeider i byggeverksemda i israelske busetjingar i Jordandalen.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads