Tammun
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tammun (arabisk skrift طمّون, hebraisk skrift טאמון) er ein palestinsk by i Tubas guvernement, 13 kilometer nordaust for Nablus og fem kilometer sør for Tubas nordaust på Vestbreidda. Tammun hadde eit folketal på kring 10 795 innbyggjarar i 2007.[3]
Remove ads
Historie
I 1854 vart Tammun identifisert som den bibelske byen Tabbath i Efraim av bibelforskaren van de Velde.[4][5] Tabbath er i dag identifisert som ein stad i Jordan.[6][7] Namnet på byen kjem frå det arabiske ordet tammen, som tyder «stille».[1]
Den moderne historia til Tammun går attende til 1400-talet. Byen vart grunnlagd av ei gruppe beduinar frå Arabia som prøvde å finne ein trygg stad i Palestina med utsyn over områda i nærleiken.[1] I 1596 stod han oppført i osmanske skattelister som «Tammun», i Jabal Sami nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på 15 hushaldningar og 3 ungkarar, alle muslimar. Dei betalte skattar for kveite, bygg, sommaravlingar, oliventre, tilfeldige inntekter, geiter og bikubar.[8] Over dei siste fire hundreåra, slo arabarar frå byane Kafr Qaddum og Halhul seg ned i byen.[1] I 1881 vart Tammun skildra som «ein ganske stor landsby ved foten av fjellet, med ope lende i nord. Landsbyen ligg høgt, med oliven i sør.[9]
I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Tammun eit folketal på 1 345, alle muslimar.[10] Dette hadde auka i 1931 til 316 busette hus og eit folketal på 1599, igjen alle muslimar.[11]
I 1945 var folketalet 2 070, med 98 080 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.[12] 393 dekar vart nytta til plantasjar og irrigert land, 33 181 dekar for korn,[13] medan 157 dekar vart utbygd (urbant) land.[14]
Remove ads
Geografi og klima
Tammun ligg 332 meter over havet. Han ligg fem kilometer sør for Tubas, 23 kilometer nordaust for Nablus, og grensar til Far'a og Wadi al-Far'a i vest og an-Naseriya i sør.[1]
Årsmiddeltemperaturen i Tammun er 20 grader Celsius. Byen har ein årsmiddelnedbør på 331 millimeter og ein gjennomsnitt luftfukt på 57 %.[1]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads