Far Far Away

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Far Far Away» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeven ut i 1974 som den første singelen frå filmmusikkalbumet og det femte studioalbumet deira Slade in Flame, for å marknadsføre den komande filmen med same namn.[2] Songen var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av Chas Chandler. Singelen nådde andreplassen på den britiske singellista og låg inne på lista i seks veker.[3] Songen selde til sølvplate i Storbritannia i november 1974.[4]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

B-sida til singelen var «O.K. Yesterday Was Yesterday», som kom ut som eit albumspor på Slade in Flame.

Remove ads

Format

7"-singel
  1. «Far Far Away» - 3:33
  2. «O.K. Yesterday Was Yesterday» - 3:51
7"-singel (1975 Smiths Chart Busters-utgåve)
  1. «Far Far Away» - 3:33
  2. «Thanks for the Memory (Wham Bam Thank You Mam)» - 4:33
7"-singel (Nederlandsk utgåve 1989)
  1. «Far Far Away» - 3:33
  2. «How Does It Feel» - 5:55
7"-singel (Tysk utgåve 1993)
  1. «Far Far Away» - 3:33
  2. «Skweeze Me Pleeze Me» - 4:26
CD-singel (Tysk utgåve 1993)
  1. «Far Far Away» - 3:34
  2. «Mama Weer All Crazee Now» - 3:41
  3. «Skweeze Me Pleeze Me» - 4:26
CD-singel (Tysk-utgåve 1993, papp-versjon)
  1. «Far Far Away» - 3:34
  2. «Skweeze Me Pleeze Me» - 4:26
Remove ads

Salslister

Meir informasjon Liste (1974), Plassering ...
Meir informasjon Liste (1993), Plassering ...
Remove ads

Medverkande

Slade
Andre medverkande

Andre versjonar

  • I 1993 spelte det elektroniske bandet Red 2 inn ein versjon av songen og gav han ut som singel i Tyskland og Belgia.[15]
  • I 1995 spelte det tsjekkiske metalbandet Arakain inn ein versjon («Dal Dal Se Ptej») for albumet Legendy
  • I 1996 framførte den reformerte versjonen av glamrockbandet Mud sporet live.
  • I 1999 spelte det danske bandet Pretty Maids inn ein versjon for albumet First Cuts ... and Then Some.
  • I 2006 spelte det danske bandet Fenders inn ein versjon av songen på albumet It's Magic - hits frå 70'erne.
  • I 2012 vart songen speltinn og omsett til ukrainsk av visesongaren Yurij Veres for albumet 60/70.
  • I 2012 spelte The Wonder Stuff inn songen på ei plate med coverversjonar kalla From the Midlands with Love som følgde med plata Oh No It's ... The Wonder Stuff.
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads