How Does It Feel av Slade

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads
Remove ads

«How Does It Feel» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeven ut i 1975 som den andre singelen frå filmmusikkalbumet og det femte studioalbumet deira Slade in Flame. Songen vart spelt inn for filmen med same namn.[1] Han vart skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av Chas Chandler. Han nådde 15. plassen på den britiske singellista og låg inne på lista i sju veker.[2]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Melodien til «How Does It Feel» var den første Lea hadde skrive nokon gong, då han framleis gjekk på skulen.[3]

I 1999 sa Noel Gallagher frå Oasis at songen var «ein av dei beste songane skrivne nokon gong i pophistoria».[4]

B-sida til singelen var «So Far So Good», som òg kom ut på albumet. I USA vart «O.K. Yesterday Was Yesterday» gjeven ut som B-side. Denne var òg frå Slade in Flame.

Remove ads

Format

7"-singel
  1. «How Does It Feel» - 4:46
  2. «So Far So Good» - 2:59
7"-singel (Amerikansk utgåve)
  1. «How Does It Feel» - 3:15
  2. «O.K. Yesterday Was Yesterday» - 3:58
7"-singel (Amerikansk promo)
  1. «How Does It Feel» - 3:15
  2. «How Does It Feel» - 3:15

Salslister

Meir informasjon Liste (1975), Plassering ...

Andre versjonar

  • I 2001 spelte den engelske rockevokalisten Chris Farlowe inn ein versjon av sporet til hyllestalbumet Slade Remade.[7]
  • I 2006 gav den engelske rockegruppa Def Leppard ut sin eigen versjon av songen som eit eksklusivt bonusspor frå iTunes for albumet Yeah!.[8]
  • I 2016 framførte den engelske songar-låtskrivaren James Blunt ein versjon av songen som ein del av settet hans ved opningsseremonien for Invictus Games 2016 i Orlando i Florida.
  • I 2017 gav den britiske songaren Joanna Forest ut sin eigen versjon av songen på debutalbumet Stars Are Rising. Han vart utgjeven som den første singelen til albumet.[9]

Medverkande

Slade
Andre medverkande

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads