Farse i teater
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Farse i skodespel er eit lite, kort og komisk drama. Farsen inneheld gjerne parodi, karikaturar og overdrivne, gjerne grovkorna innslag. Han kan ofte innehalda situasjonskomikk og lytekomikk. Farsar i antikken kan ha utspring i greske satyrspel.[1]
Historie
Ordet går tilbake til det seinlatinske ordet far eller farcire, ‘det som er innlemma i noko anna’. 1398 opptrer det for fyrste gong i skrift. I eldre tid gjekk farsen under nemninga mellomspel, entremes. Ved kyrkjelestar kunne ein til dømes stoppa inn ei rekkje parodiske preiker.[2]
På 1500- og 1500-talet var farsen hovudsakleg stor i Frankrike. Det blei gjort narr av bedragne menn, damer som var rivjern, erotiske munkar, listige advokatar og gjerrige kjøpmenn. I byane blei det framført ulike farser av omreisande teatertruppar som La bosoche og Dei sorglause barna. Ein av farsane dei oppførte var Advokaten Patelin, som fyrst hadde premiare i 1464. Opphavsmannen er ukjend. Farsen heldt fram i si lett stereotype form til Molière kom og omdanna henne til farsekomedie, der karakterane òg fekk høve til å gå heilt inn i tragikomikken.
På 1800-talet blei farsen verkeleg respektabel gjennom Eugene Labiche og Georges Feydeau, som begge skreiv heilaftanstykke med mykje situasjonskomikk. To stykke av Labiche har overlevd til vår tid og blir framført no og då: Un chapeau de paille d'Italie og Le voyage de M. Perrichon. Feydeau var ein flittig farseforfattar og skreiv minst 39 stykke, oftast direkte for den spesielle lystspelscenen i Palais Royal. Blant titlar er La puce à l'oreille, L'Hôtel du libre-échange og La dame de chez Maxim.
Feydeau sine stykke fekk òg stor suksess i London. I 1883 blei stykket hans Amour et piano sett opp i London og blei raskt ein suksess. Det inspirerte britiske forfattarar. Til dømes skreiv Arthur Wing Pinero ei rekkje farsar som tydeleg var inspirerte av Feydeau, til dømes The Magistrate (1885) og Dandy Dick (1887). Pinero tok utgangspunkt i moralsynet det viktorianske i England og skapte her ein grunnvoll for gulltida som den britiske farsen kom til å få på 1900-talet med namn som Ben Travers og Philip King.

Farsen har sine klassikarar Charley's Aunt (1892) av Brandon Thomas og Fair and Warmer (1915) av Avery Hopwood. På byrjinga av 1900-talet skreiv tyskarane Franz Arnold og Ernst Bach ei rekkje farsearta lystspel som Den spanske flue og Hurra, ein Junge.
Henrik Wergeland sin futuristiske dommedagsfarse De siste kloke på Terranova blei fyrst sett opp 173 år etter at han skrev han, og etterlet ingen tvil om kven han likte og kven han på alle måtar mislikte.[3]
I moderne tid har Ray Cooney bidratt med mange såkalla «spring-inn-døra-farsar». Dei mest kjende stykka hans inkluderer Run for Your Wife, Two Into One og It Runs in the Family.[4]
John Cleese hadde stor suksess i 1975-79 med TV-serien Fawlty Towers i typisk farse-stil.[5]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads