Faust IV

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Faust IV er det fjerde studioalbumet til den tyske krautrockgruppa Faust, utgjeve i 1973. Albumet er inkludert i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die, der det er omtalt som ein «krautrock-klassikar».[4] Dette var det siste albumet av den første inkarnasjonen av bandet, før dei kom attende i 1994 med Rien og ei anna besetning.[5]

Meir informasjon -kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Innspeling

Albumet vart spelt inn i The Manor Studio i England. Sidan innspelingane tok for lang tid, gjekk produsenten Uwe Nettelbeck for å utfylle albumet med materiale dei alt hadde spelt inn tidlegare i Wümme i Bremen i Tyskland. Desse tillegga er mellom andre «Krautrock» (tidlegare sendt på radioprogrammet til John Peel) og «It's a Bit of a Pain» (tidlegare gjeven ut på singel i Tyskland).[2]

Musikk

Opningssporet, «Krautrock», er ein bordun-basert instrumental med trommer som kjem inn etter sju minutt, medan seinare spor, som «The Sad Skinhead» og «Jennifer» er meir konvensjonelle songar.[2] Avslutningssporet, «It's a Bit of a Pain», kombinerer begge stilane, og nyttar støy på refrenget. På eit stadium seint i songen, etter refrenget, kan ein høyre ei kvinnestemme som snakkar svensk. Sporet «Just A Second» fekk undertittelen «starts like that!» på CD-utgåvene. Spornummereringa på den originale CD-utgåva var ikkje rett.[6]

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

  • Werner «Zappi» Diermaier – trommer
  • Hans Joachim Irmler – orgel
  • Jean-Hervé Péron – vokal, bass
  • Rudolf Sosna – vokal, gitar, klaverinstrument
  • Gunter Wüsthoff – synthesizer, saksofon

Teknisk

  • Kurt Graupner – lydteknikar
  • Uwe Nettelbeck – produsent, plateomslag
  • Gunter Wüsthoff – plateomslag

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads