Outside the Dream Syndicate
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Outside the Dream Syndicate er det fjerde studioalbumet til den tyske krautrock-gruppa Faust, gjeve ut i eit samarbeid med den amerikanske avantgarde-komponisten Tony Conrad. Det var den første og einaste utgjevinga til Conrad på mange år, og er eit av dei mest kjende verka hans. Det er vert rekna som ein klassikar innan minimalist- og bordunmusikk. Pitchfork skreiv «for ei stund på Outside the Dream Syndicate gløymer ein kva som faktisk rører på seg og kva som står i ro.»[2]
Den originale plata bestod av to komposisjonar på 26-27 minuttar kvar. Albumet vart digitalt ommastra i 1993 og gjeve ut på CD av Table of the Elements med eit ekstra 20 minuttar langt bonusspor, som ikkje var gjeven ut før.
Remove ads
Bakgrunn
I midten av 1960-åra var Tony Conrad medlem av The Dream Syndicate, ei amerikansk gruppe som spelte eksperimentell musikk og bordunmusikk.
I New York City møtte Conrad ein filmskapar frå Hamburg i Tyskland, som fortalte om ein produsent han kjende i Hamburg, som var interessert i musikken til Conrad. Conrad flydde til Hamburg, der han møtte Uwe Nettelbeck, produsenten til Faust. Nettelbeck tok Conrad til eit gammalt skulebygg, der Faus hadde spelt inn musikk, og inviterte han til å spele inn ei plate med bandet, «utafor» gruppa til Conrad, The Dream Syndicate (og derav tittelen på albumet).
I 1995 kom Conrad og Faust saman att for å spele ein 50 minuttar lang versjon av stykket «From the Side of Man and Womankind». Konserten kom til slutt ut i 2005 på albumet Outside the Dream Syndicate Alive.
I 2015 samarbeidde dei for siste gongen, for ein konsert på festivalen Berlin Atonal, som var siste konserten til Conrad før han døydde i april 2016.
Remove ads
Innhald
Alle spora er skrivne av Tony Conrad.
Remove ads
Medverkande
- Tony Conrad – fiolin
- Werner «Zappi» Diermaier – trommer
- Jean-Hervé Péron – bassgitar
- Rudolf Sosna – gitar og klaverinstrument
- Teknisk
- Kurt Graupner – lydteknikar
- Uwe Nettelbeck – produsent
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads