Feel Da Rush
song frå 2016 med Freddy Kalas From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Feel Da Rush», opphavleg «Happy Rush», er ein singel av Freddy Kalas som vart gjeven ut 2. februar 2016.[3] Songen er skriven av Fredrik Auke, Simen Auke, Mikkel Christiansen, Trond Opsahl og Christoffer Huse.[2]
Remove ads
Eurovision
Melodi Grand Prix 2016
«Happy Rush» vart presentert som eit av bidraga i Melodi Grand Prix 2016, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 2016 i Stockholm i Sverige, på ein pressekonferanse hjå Norsk rikskringkasting 19. januar 2016.[4] På pressekonferansen vart det òg kjend at Fredrik Auke, under namnet Freddy Kalas, vil framføre songen, på engelsk.[4] Samstundes vart 15 sekundar av songen offentleggjort på NRK.no.[4] 20. januar vart det kjend at «Happy Rush» var plagiat av Freddy Kalas sin eigen song frå 2011, «Cannabus».[5] Songen vart diskvalifisert, men Freddy Kalas fekk likevel delteke i tevlinga trass i regelbrotet.[5] 21. januar vart det kjend at Freddy Kalas hadde skrive om refrenget, og at den ny versjonen hadde fått tittelen «Feel Da Rush».[6] 2. februar 2016 vart songen gjeven ut i full lengd.[3]
Remove ads
Fotnotar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads