Felix Bloch
universitetslærar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Felix Bloch (23. oktober 1905 –10. september 1983) var ein sveitsisk-fødd fysikar som vart amerikansk statsborgar i 1939.
- Felix Bloch er òg namnet på en amerikansk diplomat, fødd 1935.
Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1952 saman med Edward Mills Purcell for utviklinga deira av nye metodar for kjernemagnetiske presisjonsmålingar og dei oppdagingane som kom med denne metoden. I 1979 vart han utnemnd til den tyske ordenen Pour le Mérite für Wissenschaften und Künste.
Han tok utdanning i Zürich og Leipzig og reiste frå Tyskland i 1933. Frå 1934 var han professor ved Stanford University i California. Bloch arbeidde først med teoretisk fysikk, der han er kjent for undersøkingar av den elektriske leiingsevna til metall og for arbeid med ferromagnetisme. Han var den første som målte det magnetiske momentet til nøytron (1939). Under andre verdskrigen arbeidde han ei tid i Manhattenprosjektet under utviklinga av den første atombomba og seinare med utvikling av mottiltak mot radar. Han fann i 1945 ein måte å måle det magnetiske momentet til atomkjernar ved resonansabsorpsjon av radiobølgjer. Same metoden var, uavhengig av han, utvikla av E. M Purcell omtrent samstundes, og dei vart saman tildelt Nobelprisen for 1952 for denne oppdaginga. Bloch var i 1954–55 den første generaldirektøren for CERN i Genève.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Felix Bloch» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.
- Felix Bloch. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Felix_Bloch
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads