Feliz Navidad

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Feliz Navidad» (spansk for 'God jul') er ein tospråkleg julesong skriven og framført av José Feliciano i 1970. Han sender gode juleønske på spansk og engelsk i stadig gjentekne vers og refreng, og er blitt populær både i Nord- og Latin-Amerika.

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...

På si opphavlege innspeling, til eit album som også heitte Feliz Navidad. spelte puertoricanaren Feliciano både gitar og cuatro til songen. Han spelte også inn ein versjon med eit barnekor. Seinare har mange andre framført og spelt inn songen. I 1998 blei han lista opp som ein av dei 25 mest framførte julesongane i USA av American Society of Composers, Authors and Publishers (ASCAP).[1]

Remove ads

Innspelingar

Songen er mellom anna spelt inn av artistar som Boney M, Celine Dion, Chicago, David Hasselhoff, Moby, El Vez, Jon Secada, Fenix TX, Home Grown, Voodoo Glow Skulls, Von Trapp Children, Anca Parghel, The Wiggles, 1910 Fruitgum Company, Elijah King og Michael Bublé.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads