Fellesføretak
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Fellesføretak er ei juridisk føretakseining stifta av to partnarar og som vert drive i fellesskap. Dei to partane skyt inn om lag like mykje midlar, deler kostnadar og forteneste likt mellom seg og kontrollerer føretaket saman. Eit Fellesføretak kan verta stifta for eit einskid prosjekt eller for langsiktig samarbeid. Eit Fellesføretak skil seg frå ein strategisk allianse, som ofte ikkje bygger på likskap mellom partane.
På fransk vert fellesføretak kalla association d'entreprises, entreprise conjointe, coentreprise eller entreprise commune,[1] og på engelsk joint venture eller joint undertaking.
Remove ads
Døme
- Al-Ghazi mellom det pakistanske føretaket Pakistan Tractor Corporation og det italienske føretaket Fiat trattori.
- Kinesiske Dongfeng Motor Corporation har hatt fellesføretak med fleire utanlandske føretak, som Cummins, Dana, Dongfeng-Honda, Dongfeng-Nissan, Infiniti, Dongfeng-Peugeot Citroën, Renault, Kia og Yulon.
- RosUkrEnergo mellom det russiske føretaket Gazprom og dei ukainske myndigheitene.[2]
- Sincor mellom det norske føretaket Statoil og franske føretaket Total-FinElf.[3]
- Sony Ericsson mellom det japanske føretaket Sony og det svenske føretaket Ericsson.
Remove ads
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads