Ferist

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ferist
Remove ads

Ferist, som òg ofte vert kalla flatgrind, er ei rist av tre eller jarn lagt som ei bru over ei utgraven grop i ein køyreveg for å hindre at husdyr som går fritt innanfor eit innegjerda beiteområde kan kome seg ut av området ved hjelp av vegen. Ettersom bilar kan køyre over rista, vert ikkje biltrafikken hindra. Soleis erstattar ferista ei grind tvers over vegen, som var den vanlege løysinga i tider då biltrafikken var mindre.

Thumb
Ferist på ein veg i Sverige.
Thumb
Ferist i col du Pradel i den franske luten av fjellmassivet Pyreneane.
Thumb
Djevelen kunne òg haldast ute med ei rist. Her ei djevelrist i inngangen til kyrkjegarden i Havelte i Nederland.
Thumb
Ein sau framfor ei ferist.

Ferista er lagd slik at runde stokkar eller metallrøyr ligg med passande mellomrom på tvers av vegen, halde opp med bjelkar over eit holrom. Klauvdyr kan ikkje gå på denne rista, og vågar seg difor ikkje utpå. For likevel å kunne føre husdyr langs vegen forbi ferista, og dessutan gjere det lettare for syklistar og fotgjengarar å kome seg forbi, er det gjerne ei grind i gjerdet attmed ferista.

Bilistane vert vanlegvis varsla ved trafikkskilt om ferister i vegen.

Då ferister er til ulempe eller fare om vinteren av di snøplogen på brøytebilen kan hekte seg fast i rista, vert ristene ofte fjerna eller tildekte med metallplater i vinterhalvåret.

Remove ads

Kyrkjerist

Kyrkjerister var ofte nemninga på dei feristene som i tidlegare tider kunne verte lagt i portane i kyrkjegardsmurane for å hindre krøter i å kome seg inn på kyrkjegardar. Jamvel i byane kunne det vere trong for kyrkjerister, då det var vanleg å halde seg med krøter i byen òg, og dessutan vart bølingar jaga gjennom gatene til salstorg og slaktehus.

Eit par ferister som før i tida hindra dyr i å kome seg inn på kyrkjegarden til den noverande Oslo domkyrkje i Oslo[1] har gjeve opphavet til nemninga Kirkeristen på den halvsirkelforma lange bygningen med salsbuer som seinare vart bygd kring skrenten som kyrkja ligg på, og som står der den dag i dag som ei avgrensing av den parken som kyrkjegarden med tida vart omgjort til.

Remove ads

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads