Fernand Cormon
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Fernand Cormon, opphavleg Fernand-Anne Piestre, (24. desember 1845–20. mars 1924) var ein fransk målar. I samtida var han ein kjend historiemålar i Frankrike, som oftast måla ut frå religiøse tema. Seinare vende han seg meir mot måling av portrett. Målarstilen hans vert rekna til den såkalla akademiske realismen. Han var både fødd og døydde i Paris, der han omkom i ei trafikkulukke.


Remove ads
Cormon byrja studere måling hos Jean-François Portaels i Brussel. I 1863 flytta han tilbake til Paris, der han vart elev hos Alexandre Cabanel og Eugène Fromentin. Han stilte i 1868 fyrste gongen ut i 'Salon de Paris'. I 1880-åra leia han sin private kunstskule. Mellom elevane hans, som fekk arbeida sine avviste av salongen ettersom dei hadde andre målsettingar og stilar enn det aksepterte, var Henri de Toulouse-Lautrec, Louis Anquetin, Eugène Boch, Émile Bernard og Vincent van Gogh.
I 1880 vart Cormon utnemnd til Æreslegionen. Han la då ut på reiser til Tunisia og Bretagne. Cormon vart i 1898 leiar på 'École nationale supérieure des beaux-arts' og medlem av 'Académie des Beaux-Arts'. Henri Matisse, som hadde vorte henta til skulen av Gustave Moreau, føregangaren til Cormon, måtte etter usemje med Cormon forlate lærarposten sin.[1]
Cormon heldt heile tida fast på den akademiske stilen i kunstverka sine. Han spesialiserte seg på bibelske og forhistoriske scener. Dei er ofte haldne i mørke fargetonar, gjerne med ei skarpt lys på det sentrale i biletet. I det sju meter lange måleriet Caïn, som i 1880 var ein sensasjon på 'salongen', illustrerte han eitt av versa i La legende des siècles av Victor Hugo. Til dette verket arbeidde Cormon med kvar enkelt figur etter modell, samstundes studerte han funn gjort av arkeologisk forsking for å få dei rett utstaffert. Måleriet vart kjøpt av den franske stat og er i dag utstilt i Musée d'Orsay i Paris.[2]
Remove ads
Bakgrunnsstoff
Notar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads