Ferrignostraumen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ferrignostraumen
Remove ads

Ferrignostraumen er ein isstraum på meir enn 10 km som flyt ut i Eltanin Bay sørvest for Wirth Peninsula i Antarktis. Han vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names etter Jane G. Ferrigno frå United States Geological Survey (USGS). Ferrigno har vore ein spesialist nokre tiår frå 1970-åra i bruk av satellittbilete for isbrestudiar og kartkompilering.[1]

Kjappe fakta Land, Stad ...

Under breen ligg Ferrigno Rift, ein riftdal som er 1,5 km djup, 10 km brei og minst 100 km lang.[2] Riftdalen vart oppdaga ved hjelp av radar som trengde ned i isen under kartlegginga av isbreen i 2010 av ei gruppe frå British Antarctic Survey og University of Aberdeen.[3] Den isfylte riftdalen er knytt til havet og ein trur at han har innverknad på istapet frå Den vestantarktiske innlandsisen.[3]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads