Ficus religiosa
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ficus religiosa, også kjend som heilag fiken, gudefiken, pipal[1] og bo- eller bodhitre,[2] er eit tre i fikenslekta som er utbreidd i Sør- og Søraust-Asia. Treet er viktig i buddhismen, djainismen og hinduismen. Buddhistiske overleveringar fortel at Gautama Buddha oppnådde oppvakning under eit slikt tre. Fikentreet er også ein tradisjonell medisinplante.

Ficus religiosa kan bli opptil 20 meter høg.[3] Borken er gråleg og sprekk etterkvart som han blir eldre. Blada er runde på fasong med ein lang flik i enden, tynne og med skinande overflate. Dei har 5-7 sidevener. Fruktene er små, på storleik med ein pupill. Dei er grøne som kart og svarte når dei er mogne.[4]
Treet blir pollinert av ein særskild veps, Blastophaga quadraticeps. På stader der både fikentreet og vepsen er innført, som Israel, Florida og Hawaii, kan Ficus religiosa vera ein invasiv art.[5]
Treet kjem opphavleg frå eit område frå Himalaya til Sør-Kina, Vietnam og Nord-Thailand. Det er utbreidd som avenytre og tempeltre, både ved hindu- og buddhisttempel.
Borken frå treet har lenge vore brukt som medisin mot sår, smittestoff, diaré, diabetes og gonorré. Blada er blitt brukt mot hudsjukdommar, giftstoff og for å regulera menstruasjonssyklusen. Frukta er blitt brukt som avføringsmiddel, og i pulverform til å behandla astma. Medisinske forsøk har mellom anna påvist verknader mot fleire smittestoff og parasittar og at planten har ein god effekt mot diabetes.[4]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads