Aveny
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Aveny (av fransk avenue (frå avenir, ‘koma til) er ei brei gate, vanlegvis med tre planta langs begge sidene.[1] Omgrepet er opphavleg brukt om gater med allépreg som fører fram til eit palass, eit monument, ein plass eller eit anna markant objekt.

Karl Johans gate i Oslo er ein typisk aveny, planlagd i 1836 av arkitekt Hans Ditlev Franciscus von Linstow for å knyta det nye Slottet med byen Christiania. Aksen løpar frå midtaksen til Slottet vinkelrett på fasaden direkte mot den dåverande enden av Østre Gade. Avenyen blei fyrst kalla «Slotsveien», men blei i 1852 kalla opp etter kong Karl Johan. Medan Stortingsbygningen blei oppført i 1860-åra, blei gata knytt til den eldre Østre Gade ved Egertorget, og heile forløpet fekk namn etter kongen. Berre strekninga frå Egertorget til Slottet er ein verkeleg aveny, opphavleg med den imponerande breidda 36 alen, medan gatebreidda ellers i byen berre var 24 alen.
Remove ads
Kjende avenyar
- Fifth Avenue i New York
- Park Avenue i New York
- Avenue des Champs-Élysées i Paris
- Paseo de la Reforma i Mexico by
Sjå òg
- Allé
- Bulevard
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads