Filmen 2012
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
2012 er ein amerikansk katastrofefilm frå 2009 som byggjer på 2012-fenomenet, førestillinga om at verda ville gå under i 2012. Filmen blei regissert av Roland Emmerich og har blant andre John Cusack, Amanda Peet og Danny Glover i hovudrollene.
På tross av eit skremmande tema og uvanleg spektakulære spesialeffektar, er 2012 ein underhaldningsfilm der dei store øydeleggingane og ferda mot redninga blir skildra med fart og spenning, humor og trygge filmklisjear.
Filmen hadde premiere fredag den 13. november 2009. I Noreg fekk han ei aldersgrense på 11 år.
Remove ads
Handling
Handlinga i filmen tek til i 2009, då vitskapsfolk oppdagar at urgamle spådommar om at jorda skal gå undergang, blant anna henta frå mayaene sin kalender, er sanne og at jordkloten vil bli øydelagd 21. desember 2012. Når datoen kjem, bryt det ut ei rekkje ekstreme naturkatastrofar som utslettar store delar av menneskja: jordskorpa sprekk opp og landområde flyttar seg i veldige jordskjelv, vulkanutbrot og tsunamiar. Leiarane i verd, dei rikaste og nokre utvalde har sikra seg plass i fleire «arker», gigantiske overlingsskip som i all løyndom er blitt laga i Tibet. Hovudpersonane, ein skilsmissefamilie frå California, klarer på utruleg vis å koma seg unna farene og til sist redda seg inn i ein av arkene der menneska er trygge til katastrofen er over.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads