Filmen Max Manus

norsk film frå 2008 From Wikipedia, the free encyclopedia

Filmen Max Manus
Remove ads

Max Manus er ein norsk biografisk krigsfilm frå 2008 basert på den verkelege historia om motstandsmannen Max Manus (1914–96). Filmen er regissert av duoen Joachim Rønning og Espen Sandberg, og filmmanuset er skrive av debuterande manusforfattar Thomas Nordseth-Tiller.

Kjappe fakta Regi, Produsent(ar) ...
Remove ads

Filmen startar ved krigsutbrotet og følgjer Max gjennom den andre verdskrigen og inn i fredssommaren. Filmen hadde eit samla budsjett på 55 millionar norske kroner,[4] og er dermed eit av dei dyraste filmprosjekta i Noreg til no. Max Manus vert spela av Aksel Hennie og filmen hadde premiere 19. desember 2008.

Remove ads

Handling

Etter å ha kjempa mot kommunistane i Finland kjem Max heim til eit Noreg som er okkupert av tyskarane. Han stiller seg til disposisjon for motstandsrørsla, og etter ein arrestasjon og ei påfølgjande spektakulær flukt kjem han seg til England.

Thumb
Frå innspelinga av den norske spenningsfilmen om motstandsmannen Max Manus. Statistar i tidsrette klede og tyske uniformer opptrer på Karl Johans gate i Oslo.
John Erling Blad (2008)

I London vert han teken opp i militæret, og vert spesialagent. Saman med venen Gregers Gram vert han send tilbake til Oslo med oppdrag om å øydeleggje tyske forsyningsbåtar. Han lukkast til overmål takka vere ei blanding av mot og dugleik – og vert snart ein mann Gestapo-leiar Sigfried Fehmer legg seg i selen for å få tak i. Men Max Manus kjem unna. Han var også med i den svært kjende sprenginga av arkiva til arbeidstenesta saman med Gunnar Sønsteby og Gregers Gram i den såkalla Oslo-gruppa.

Stockholm vert eit møtepunkt for nordmenn i den allierte militærtenesta. Gregers introduserer Max for Tikken. Ho arbeider som norsk kontakt for det engelske konsulatet, og etter kvart utviklar dei eit nært venskap som vert viktig for dei begge. Krigen vert stadig meir brutal. Max mistar fleire av dei beste venene sine i kampen mot tyskarane, og han byrjar å klandre seg sjølv for at han er den som overlever. I møte med den tyske gestaposjefen Fehmer opplever Max Manus at dei alle er offer for meningsløysa i krigen.[5]


Remove ads

Rolleliste

Thumb
Hakekorsflagget vart heisa på Stortingsbygningen under filmproduksjonen.
Meir informasjon Skodespelar, Rolle ...
Remove ads

Produksjon

Filmen fekk støtte frå Norsk filmfond 3. desember 2007, og opptaka byrja i februar 2008.[6] Med eit budsjett på over 50 millionar NOK var det ein enorm filmproduksjon etter norske standardar. Omkring 1800 statistar var involverte, og om lag 2000 personar arbeidde bak kamera.[7] For å skape eit realistisk inntrykk vart delar av Oslo gjort om til ein utsjånad frå tidleg på 1940-talet. Denne prosessen inkluderte òg heisinga av Nazi-Tyskland sitt flagg på taket på Stortinget fyrste gong på over 60 år.[7]

Mottaking

Førpremieren 17. desember 2008 var ei stor hending der både kong Harald V og den då 90 år gamle Gunnar Sønsteby, som var ein av motstandskjemparane som var portrettert i filmen, var til stades.[8] Både Sønsteby, den einaste medlemmen av gruppa til Manus som var i live då filmen kom ut, og enkja til Max Manus, Tikken Manus rosa filmen for autentisiteten han hadde.[9] Blant dei andre gjestane var forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen og kulturminister Trond Giske.[10]

Per Haddal, filmmeldaren i Aftenposten, gav filmen ein firar på terningen. Han rosa innsatsen til Hennie i rolla som Manus, i tillegg til regien og den høge kvaliteten på produksjonen. Samtidig følte han at formatet til filmen var alt for tradisjonelt og mangla originalitet.[11] Samtidig gav Einar Guldvog Staalesen i NRK filmen ein femmar på terningen. Han poengterte eit par logiske bristar, men generelt syntest han filmen var god og sannferdig.[12] Eirik Alver frå Dagbladet gav også filmen ein femmar og rosa dei tekniske kvalitetane samt skodespelartalentet til Hennie. Likevel følte han at filmen hadde eit tradisjonelt uttrykk, og liknet for mykje på ein Hollywood-produksjon.[13]

Hovudfilmkritikaren i VG, Jon Selås gav også filmen terningkast fem, og kalla filmen eit gripande portrett som er «en påminnelse til nye generasjoner om hva det faktisk har kostet å skape det Norge vi lever i i dag».[14] Mode Steinkjer frå Dagsavisen følgde opp denne kritikken med å rose Aksel Hennie sitt portrett av «eventyraren» Max Manus.[15] Filmmeldaren til TV 2, Geir Jardar Olsen, kalla filmen «tidenes beste norske film», og gav han ein seksar på terningen. Han rosa filmen spesielt for den truverdige og varme portretteringa av tilhøvet mellom Manus og dei medsamansvorne sabotørane, i tillegg til romansen hans med den framtidige kona Tikken.[16]

Filmen vann Folkets Amanda under utdelinga av Amandaprisen i 2009.

Filmmeldingar

Remove ads

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads