Fingal's Cave
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Fingal's Cave er ei sjøgrotte på øya Staffa i Indre Hebridane i Skottland, og ein del av det nasjonale naturreservat eigd av National Trust for Scotland.[1] Ho består av heksagonale basaltsløyler og liknar Giant's Causeway i Nord-Irland og søylene nær Ulva. Desse har oppstått ved avkjøling av varm lava, som seinare har kome fram på grunn av erosjon.[2]

Storleiken, det naturlege kvelvforma taket[3] og ein nifs lyd skapt av ekkoet frå bølgjene, gjer grotta ei kjensle av å vere ein naturleg katedral. Det gæliske namnet Uamh-Binn tyder «melodigrotta».[4]

Grotta vart «oppdaga» av Joseph Banks i 1772.[4][5] Ho vart då kalla Fingal's Cave etter helten frå eit episk dikt av den skotske dikthistorikaren James Macpherson. I irsk mytologi er helten Fingal kalla Fionn mac Cumhaill.

Den romantiske komponisten Felix Mendelssohn vitja grotta i 1829 og skreiv overturen Die Hebriden, ofte berre kalla Fingal's Cave-overturen, inspirert av dei rare lydane i grotta.[4][6] Mendelssohn gjorde slik grotta til ein populær turistdestinasjon.[4][5] Andre kjende personar som vitja grotta på 1800-talet var forfattaren Jules Verne, diktarane William Wordsworth, John Keats og Alfred, Lord Tennyson,[1] og målaren William Turner, som målte «Staffa, Fingal's Cave» i 1832.[7] Dronngg Victoria vitja òg grotta.[1][4]
Ein av dei tidlege songane til Pink Floyd for filmen Zabriskie Point vart kalla opp etter grotta, men ikkje nytta i filmen.[8]
Remove ads
Bakgrunnsstoff

Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads