Irsk mytologi
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Irsk mytologi viser til førkristne religiøse førestillingar på Irland som ikkje overlevde konverteringa til kristendomen. Mange av desse førestillingane er likevel bevarte, tekne ut frå den opphavlege religiøse tydinga si, i irsk litteratur frå mellomalderen som representerer det mest omfattande og best bevarte av alle keltiske språkspråklege grupper. Sjølv om mange av manuskripta har gått tapt, og mykje materiale aldri blei skrive ned, er det likevel meir enn nok til å identifisera bestemte, tidvis overlappande syklusar: Den mytologiske syklusen, Ulster-syklusen, Fianna-syklusen og Den historiske syklusen. Det er òg ei mengd av nedskrivne folkeminne som ikkje inngår nokon av syklusane. I tillegg er det òg ei mengd nedskrivne folkeminne som ikkje strengt tatt er mytologiske, men som likevel har figurer frå ein eller fleire av desse fire syklusane.


Remove ads
Kjelder
Det finst tre manuskript som hovudkjelder for irsk mytologi: Lebor na hUidre (i dag i biblioteket til Det kongelege irske akademiet) som er datert til slutten av 1000-talet og byrjinga av 1100-talet; Leinsterboka (som er i biblioteket til Trinity College i Dublin)" frå tidleg på 1100-talet, og Rawlinsonmanuskriptet B 502 (som er husa i Bodleian Library ved University of Oxford). Til trass for dateringa av desse kjeldene stammr det meste av materialet som dei inneheld frå før dei blei skrivne ned. Den tidlegaste prosateksten kan daterast til 700-talet med lingvistiske bevis, og ein del av poesien kan vera så gammal som frå 500-talet.

Andre viktige kjelder omfattar ei gruppe av fire manuskript som har opphav i Vest-Irland frå slutten av 1300-talet eller til nød byrjinga av 1400-talet: Lecan si gule bok (Yellow Book of Lecan); Lecan si store bok (Great Book of Lecan); Hy Many si bok (Book of Hy Many[1] og Ballymote si bok (Book of Ballymote). Den fyrste av desse inneheld delar av den tidlegaste kjende versjonewn av Táin Bó Cúailnge (Storfetjuveriet til Cooley) og er i dag ved Trinity College. Dei tre andre er ved Det kongelege irske akademiet. Andre manuskript frå 1400-talet, som Fermoy si bok (Book of Fermoy), inneheld òg interessant materiale, det same har òg seinare synkretiske verk som Geoffrey Keating sitt verk Foras Feasa ar Éirinn (historia til Irland) frå ca. 1640, særleg sidan desse seinare samlingane og forfattarane hadde tilgang til manuskriptkjelder som sidan har forsvunne.
Når ein nyttar desse kjeldene, er det som alltid viktig å vera kritisk til påverknaden av omstenda dei blei til under. Dei fleste manuskripta blei laga av kristne munkar som kan ha vore slitne mellom eigne ønske om å nedteikna den innfødde kulturen og den religiøse fiendskapen sin mot heidenske trusførestillingar slik at ein del av gudane blei prega av euhemerisme (forklart menneskeleg og ikkje som guddommelege vesen). Fleire av dei seinare kjeldene kan òg ha vore ein del av ein propaganda som søkte å skapa ei fortid og ei historie for det irske folket som kunne tola samanlikning med dei britiske angriparane som hadde mytologisk opphav frå grunnleggarane av Roma, slik Geoffrey av Monmouth og andre formulerte det. Det var òg ein tendens til å omarbeida irske slektlister slik at dei kunne passa til det kjende mønsteret av gresk eller bibelsk genealogi.
Det er sett spørsmål ved om irsk litteratur frå mellomalderen verkeleg omfatta ekte oldtidstradisjonar i ei form som var bortimot uendra gjennom hundreår i form av munnleg tradisjon og vidareføring tilbake til ei fjern keltisk og kontinental fortid. Kenneth Jackson har på kjent vis skildra Ulster-syklusen som eit «vindauge til jernalderen», og Garret Olmsted har freista å trekka parallellar mellom Táin Bó Cuailnge, epikken i Ulster-syklusen og ikonografien til Gundestrupkjelen. Denne «naivistiske» posisjonen har likevel blitt utfordra av «revisjonistiske» forskarar som meiner at det meste som blei skapt i kristen tid er bevsiste etterlikningar av eposa frå klassisk litteratur som kom med latinsk lærdom. Revisjonistar ville indikera avsnitt som tilsynelatande er påverka av Iliaden i Táin Bó Cuailnge, og eksistensen av Togail Troí, ei irsk tilpassing av Dares Phrygius sitt verk De excidio Troiae historia, funne i Leinsterboka, og merka seg at den materielle kulturen i desse forteljingane er nærare i tid til komposisjonen av forteljingane enn til den fjerne fortida. Det har kome fram ein konsensus som oppmuntrar til kritisk lesing av materialet.
Remove ads
Mytologisk syklus

Den mytologiske syklusen består av forteljingar av tidlegare gudar og opphavet til det irske folket, og er den best bevarte av dei fire syklusane. Den viktigaste kjelda er Metrical Dindshenchas eller Lore of Places (Læra om stadane), og Lebor Gabála Érenn eller Book of Invasions (Invasjonsboka). Andre manuskript som har mytologiske forteljingar er Oengusdraumen, Étaín sine friarar og slaget ved Mag Tuired. Ein av dei best kjende av alle irske forteljingar, Oidheadh Clainne Lir (Tragedien om Lir-borna), er òg ein del av denne syklusen.
Lebor Gabála Érenn er ei pseudohistorie for Irland som sporar forgjengarar av irlendarane tilbake til Noah i Bibelens. Han fortel om ei rekkje invasjonar eller «erobringar» av Irland av ei rekkje folk. Det femte av desse folka var kjent som Tuatha Dé Danann (‘Folka til gudinna Danu’), som ein meinte hadde folkesett øya før gælarane, eller milesiarar som dei blir kalla her. Dei møtte motstand frå fiendane sine, fomoriarar, leia av Balor av det vonde auget. Balor blei til slutt drepen av Lug Lámfada (Lug med den lange armen) i det andre slaget ved Mag Tuired. Då gælarane kom til Irland trekte Tuatha Dé Danann under bakken og ned i jorda og blei då feer som er kjende frå seinare mytar og legender.
Metrical Dindshenchas er eit stort onomastisk verk frå tidleg Irland som namngav legender frå viktige stadar i ei rekkje dikt. Det omfattar ei mengd betydeleg informasjon om figurar og forteljingar frå Den mytologiske syklusen, inkludert slaget ved Tailtiu der Tuatha Dé Danann blei overvunne av milesiarane.
Det er viktig å merkje seg at ved mellomalderen blei Tuatha Dé Danann ikkje sett på så mykje som gudar som dei blei rekna som den magiske, formskiftande folkesetnaden frå ein tidlegare gullalder på Irland. Tekstar som Lebor Gabála Érenn og Cath Maige Tuireadh representerte dei som kongar og heltar frå ei fjern fortid, komplett med dødsforteljingar. Det er likevel betydelege bevis, både i tekster og frå ein større keltisk samanheng, at dei ein gong var rekna som guddommar.
Sjølv etter at dei var avsette som herskarar av Irland har figurer som Lugh, Mórrígan, Aengus og Manannan opptrddd i historiar fleire hundre år seinare, som viser udøyelegheita deira. Eit dikt i Leinsterboka listar opp mange av Tuatha Dé, men avsluttar med ein merknad om at forfattaren ikkje dyrkar dei. Goibniu, Creidhne og Luchta er refererte til som Trí Dé Dána (tre handverksgudar), og namnet Dagda er tolka i mellomaldertekster som «den gode guden». Nuada er i slekt med den britonske guden Nodens; Lugh er ein refleks av den pankeltiske guddomen Lugus, eit namn som kan tyda ‘lys’, og Tuireann kan vera slekt med det galliske Taranis; Ogma med Ogmios og Badb med Catubodua.
Andre viktige figurarar frå Tuatha Dé Danann

- Boann, ei gudinne i elva Boyne i Leinster.
- Banba, vernegudinne for Irland.
- Brigid, ei av dei irske trippelgudinnenen. Dei to systrene hennar heitte òg Brigit eller Brighid.
- Creidhne, son av Brigid og Tuireann, som var smed saman med brørne Goibniu og Luchtaine.
- Danu, ei morgudinne av Tuatha Dé Danann, hovudsakleg ein forfedrefigur.
- Dian Cecht, ein legegud og far til så mange born at dei gjerne ikkje blir lista opp.
- Donn, eller Den mørke, er herre av dei døde og far til Diarmuid Ua Duibhne.
- Ériu, ei morgudinne, gift med Mac Gréine ('Son av sola')
- Étaín, best kjend som heltinne i Friarane til Étaín, ei av dei eldste og rikaste forteljingane i den mytologiske syklusen, kanskje òg ei solgudinne.
- Fódla, endå ei vernegudinne for Irland, gift med Mac Cecht.

- Macha, ei gudinne knytt til krig, hestar, suverenitet, og stadane Armagh og Emain Macha i dagens grevskap Armagh. Alle figurane med namnet hennar er antekne å vera avleidde frå same guddom.
- Nechtan var far og/eller ektemann av Boann.
- Aes Sídhe er mektige og overnaturlege vesen samanlikna med feer eller alvar.
- Bean Sídhe (kvinna frå sida) er ei kvinneleg ånd, oftast sett på som eit varsel om død.
Remove ads
Ulster-syklusen
Ulster-syklusen har handling frå byrjinga av den kristne tidsalderen og det meste av det som skjer i han går føre seg i Ulster og Connacht. Han består av ei gruppe heroiske forteljingar som handlar om liva til Conchobar mac Nessa, kongen av Ulster, den store helten Cú Chulainn, son av Lug, og vennene, elskarane og fiendane deira. Desse er Ulaid, eller folket frå det nordaustlege hjørnet av Irland, og handlinga sentrar rundt det kongelege hoffet ved Emain Macha (engelsk Navan Fort), nær dagens moderne by Armagh. Ulaid hadde nært samband med den irske kolonien i Skottland, og delar av Cú Chulainn si opplæring fann stad her.
Syklusen består av forteljingar om fødslar, tidleg liv og opplæring, frierier, slag, gjestebod og heltedødar. Han speglar eit krigersamfunn der krigføring hovudsakleg består av enkeltslag og rikdom er målt i talet på storfe. Desse forteljingane er hovudsakleg skrivne i prosa. Motstykket til Ulster-syklusen er Táin Bó Cúailnge. Andre betydelege forteljingar frå Ulster-syklusen er «Den tragiske døden til Aife sin einaste son», «Bricriu sitt gjestebod» og «Øydelegginga av huset Da Derga». Forvisinga av sønene til Usnach, kanskje betre kjend som «Deirdre-tragedien» og kjelda til skodespel av John Millington Singe, William Butler Yeats, og Vincent Woods, er òg delar av denne syklusen.
Denne syklusen er på fleire måtar nærskyld med den mytologiske syklusen. Ein del av figurane frå sistnemnde opptrer òg her, og same type formskiftande magi finst òg, side om side med ein mørk, bortimot ufølsam realisme. Medan ein kan mistenka at ein del figurar, som Medb eller Cú Roí, ein gong har vore guddomar, og at særleg Cú Chulainn syner ein overmenneskelig djervheit, er figurane likevel dødelege og er knytte til ei viss tid og ein stad. Om den mytologiske syklusen representerer ein gullalder, er Ulster-syklusen knytt til den heroiske tidsalderen på Irland.
Fianna-syklusen
Som Ulster-syklusen er Fianna-syklusen oppteken av dådane til irske heltar. Fortellingane i Fianna-syklusen verker å gå føre seg på 200-talet, hovudsakleg i provinsane Leinster og Munster. Dei skil seg frå andre syklusar i kraft av sambandet sitt med andre irsktalande samfunn i Skottland, og det er mange bevarte Fianna-tekster frå dette landet. Dei skil seg òg frå Ulster-syklusen ved at forteljingane hovudsakleg er fortalde i vers og at tonen er nærare romansetradisjonen enn den til eposet. Forteljingane handlar om dådane til Fionn mac Cumhaill og følgjet hans av krigarar, Fianna.
Den viktigaste kjelda for Fianna-syklusen er Acallam na Senórach (Samtalen til dei gamle mennene), som er funne i to manuskript frå 1400-talet, Lismoreboka og Laud 610, men òg i eit manuskript frå 1600-talet frå Killiney i County Dublin. Ut frå lingvistiske bevis er teksten datert til 1100-talet. Han gjev att samtalar mellom Caílte mac Rónáin og Oisín, dei siste overlevande medlemmene av Fianna, og heilage Patrik, og består av rundt 8 000 tekstlinjer. Den relativt seine dateringa av manuskripta kan spegla den lengre munnlege tradisjonen til Fianna-syklusen.
Fianna i forteljinga er delt inn i Clann Baiscne, leia av Fionn Mac Cumhall (ofte gjengitt som «Finn MacCool», Finn son av Cumhall), og Clann Morna, leia av fienden hans, Goll mac Morna. Far til Fionn, Cumhal, blei drepen av Goll i slag og guten Fionn blei oppfostra i løynd. Som ungdom, medan han fekk opplæring i kunstarten poesi, kom han til ved ei uhell å brenna tommelen medan han steikte ein laks (sjølve Kunskaplaksen), stakk tommelen i munnen og saug på han, og fekk då stor visdom. Han tok posisjonen som leiaren av gruppa si, og det finst talrike forteljingar om eventyra deira. To av dei største av dei irske forteljingane, «Tóraigheacht Dhiarmada agus Ghráinne» (Forfølginga av Diarmuid og Gráinne) og «Oisín i Tír na nog» dannar delar av denne syklusen. Fortellinga om Diarmuid og Grainne, som er ei av dei få prosaforteljngane i denne syklusen, er truleg den opphavlege kjelda til den seinare populære mellomalderforteljinga Tristan og Isolde.
Verda som er gjengitt i syklusen er om yrkeskrigarar som tilbringer tida med jakt, kamp og eventyr i den åndelege verda. Nye deltakarar i gruppa er forventa å vera kunnskapsrike i poesi, og må òg gå gjennom fleire fysiske prøvar eller oppgåver. Det er ikkje noko religiøst element i desse forteljingane bortsett frå kanskje heltedyrking.
Remove ads
Den historiske syklusen
Det var ein del av plikta til bardane, eller skaldane, i mellomalderen å nedteikna og prisa historia og slekta til den kongen som dei tjente. Dette gjorde dei i dikt som blanda mytologi og historie i større eller mindre grad. Forteljingane som var resultatet av dette blir kalla for Den historiske syklusen, sjølv om det ville vera meir korekt å kalla dei syklusar i fleirtal, sidan han omfattar fleire uavhengige grupperingar.
Kongane som er med i syklusen strekkjer seg frå den bortimot fullstendig mytologiske Labraid Loingsech, som skal ha vore overkonge av Irland ein gong rundt år 431 f.Kr., til den heilt og haldent historiske Brian Boru. Den største lovprisinga er i Den historiske syklusen Buile Shuibhne (Vanviddsraseriet til Suibhne), ei forteljing frå 1100-talet som er fortald i både vers og prosa. Suibhne, kongen av Dál nAraidi, blei forbanna av den heilage Ronan,[2] og blei halvt mann, halvt kvinne, og dømd til å leva livet sitt i skogen og flykta frå menneske. Forteljinga har fanga fantasien til seinare irske diktarar, og er blitt omsett av Trevor Joyce og Seamus Heaney.
Remove ads
Andre forteljingar
Eventyr
Eventyra, eller echtrae, er ei gruppe forteljingar om besøk til andre irske verder (som kan vera vestover over havet, under verda, eller berre usynlege for andre dødelege). Den mest kjende, «Oisin i Tir na nOg», tilhøyrer Fianna-syklusen, men det er òg bevart fleire frittstående eventyr, som «Conle-eventyret», «Bran si sjøreise» «Lóegaire-eventyret».
Sjøreiser
Sjøreisene, immrama, er forteljingar om reiser over havet og undera ein kan finna der. Desse vaks truleg fram frå opplevingane til fiskarar som tilsynelatande i alle tider og i alle nasjonar har fortalt fiskarskrøner, men òg blandea med element frå Den andre verda. Av sju immrama nemnde i manuskriptane er det berre tre stykke som har overlevd: «Sjøreisa til Mael Dúin», «Sjøreisa til Uí Chorra» og «Sjøreisa til Snedgus og Mac Riagla». Den førstnemnde, reisa til Mael Dúin, er forløparen til den seinare «Sjøreisa til sankt Brendan».
Folkeminne
I løpet av dei første få åra av 1900-talet skreiv Herminie T. Kavanagh ned mange forteljingar frå irske folkeminne som ho gav ut i tidsskrift og i to bøker. 26 år etter at ho døydde blei forteljingane frå to av bøkene hennar, Darby O'Gill and the Good People og Ashes of Old Wishes gjort om til ein film, Darby O'Gill and the Little People. Den kjende irske skodespelaren lady Augusta Gregory samla òg folkeminne for å bevare irsk historie. Eddie Lenihan (fødd 1950), den fyrste forfattaren av Meeting the Other Crowd og forfattar av talrike andre bøker, har òg ei vaksande omdøme som ein moderne irsk folklorist.[3]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads