Fingertips
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Fingertips» er ein song frå 1963 av «Little» Stevie Wonder for Motown sitt Tamla-selskap.
Remove ads
Oversyn
Songen var skriven av mentorane til Wonder, Clarence Paul og Henry Cosby, og var opphavleg ein jazzinstrumental spelt inn for det første studioalbumet til Wonder, The Jazz Soul of Little Stevie. Eit konsertopptak av songen vart spelt inn i 1963 under ei framføring på Motortown Revue i Regal Theater i Chicago.[1] Songen hadde berre nokre få linjer med improvisert tekst, og er i røynda ein instrumental, som var meint å syne Wonder sitt talent på bongotrommer og munnspel.
Denne utgåva vart gjeven ut på singel 21. mai 1963 som ein todelt singel. Part 2 av snogen vart gjeven ut som B-side. I august hadde B-sida nådd toppen av både Billboard Pop Singles og R&B Singles-listene.[2] «Fingertips» var den andre listetoppen til Motown og vart det store gjennombrotet til den då 13 år gamle Stevie Wonder.
Marvin Gaye spelte trommer på både studioversjonen og konsertopptaket.[3]
Remove ads
Medverkande
- Vokal, bongotrommer og munnspel av Little Stevie Wonder
- Trommer av Marvin Gaye
- Bass av James Jamerson, Larry Moses, Joe Swift
- Lydteknikar: Ron Steele Sr.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads