Finn Seemann

norsk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Finn Seemann
Remove ads

Finn Ludvig Seemann (18. oktober 19447. september 1985) var ein norsk bandy- og fotballspelar frå Oslo. Han spelte 15 landskampar i fotball i tida 1963-70 og tre landskampar i bandy. Seeemann var «en balljonglør som kan prestere det helt ypperlige» men som «individualist... hadde han nok visse vanskeligheter med å innpasse seg i bestemte systemer».[1]

Kjappe fakta
Remove ads
Remove ads

Fotball

Seemann spelte på Lyn frå 1962 og vart seriemeister med laget i 1964. I september 1963 debuterte han på landslaget i den famøse kampen mot Polen i Stettin, eit oppgjer som enda med tap 0-9. Langt betre gjorde han det i VM-kvalifiseringskampen Noreg-JugoslaviaUllevaal stadion 16. juni 1965, han gav då Noreg leiinga 1-0 på eit skrudd frispark, sluttresultatet vart 3-0.

Hausten 1965 fekk Seemann proffkontrakt i den skotske klubben Dundee United. Etter tre sesongar i Skottland reiste han til Nederland, der han spelte tre år på DWS Amsterdam og to år på FC Utrecht. Medan han var DWS-spelar kom han tilbake til litt landslagsspel i 1969 og 1970. Venstrevingen Seemann skåra sitt femte og siste landslagmål då Finland vart slått 2-0 sommaren 1970.

Etter å ha budd ei tid i USA returnerte han til Lyn og norsk andredivisjonsfotball i 1975. Året etter spelte han med Bækkelaget i lokal fotball.

Seemann omkom i ei trafikkulukke med bil på Dovre.

Merittar

  • Seriemeister: 1964 med Lyn
Remove ads

Kjelder

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads