Finna
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Finna er ei elv som har utspringet sitt frå innsjøen Råkåvatnet og renn gjennom Finndalen, Skårvangen, Skogbygda, Vågåmo og ut i Ottaelva, like nedanfor utløpet av Vågåvatnet. I Finndalen bukter Finna seg i meandersvingar og har danna mange gamle kroksjøar.
Elva renn forbi fleire seterområde som Vangen, Sterringen, Breistulen og Odden. Når Finna har passert Odden går dalen over frå å vere ein hengande U-dal til ein V-dal og går i fleire stryk og fossefall. Den største fossen heiter Hølgjelfossen og ligg rett aust for grensa mellom Lom og Vågå kommune. Rett nord for denne fossen og litt opp i lia ligg setertufta Klomsroi som er nemnd i eit av Asbjørnsen og Moe sine eventyr om Jens Klomsroi. Hovuddelen av Finndalen ligg i Lom kommune, men når Finna går over til å verte fossar og stryk er ho kome inn i Vågå kommune.
Finna er verna med omsyn til Verneplan IV for vassdrag.
Denne geografiartikkelen som har med Innlandet å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads