Lom kommune

kommune i Innlande fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia

Lom kommunemap
Remove ads

Lom kommune ligg i Ottadalen i Innlandet fylke og grensar i nord til Skjåk og Lesja, i aust til Vågå, i sør til Vang, og i vest til Luster i Vestland fylke. Kommunen har sine noverande grensar frå 1866, då Skjåk vart skild ut som eigen kommune.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Administrerande senter i kommunen er Fossbergom, òg kalla fjellbygda Lom.

Remove ads

Geografi

Thumb
Galdhøpiggen
Thumb
Glittertind

Mesteparten av arealet i Lom er snaufjell og brear der over 90% av arealet ligg over 900 moh. Innan kommunen ligg meir enn halvparten av Jotunheimen nasjonalpark og båe dei to høgaste fjelltoppane i Noreg, Galdhøpiggen på 2469 moh. og Glittertind, som er fast fjell på 2452 moh. med ein isbre på toppen. Gjennom fjellområda i kommunen går to dalføre, Ottadalen og Bøverdalen. Desse to dalane møtest ved tettstaden Fossbergom. Folk bur for det meste langsmed sørsida av Ottadalen. Andre busette område i kommunen er Lia, Garmo og Bøverdalen.

Remove ads

Næringsliv

Den viktigaste enkeltnæringa i Lom er jord- og skogbruk. Grunna det turre klimaet må bøndene bruke vatningsanlegg. Lom har den norske rekorden for minst nedbør i laupet av eitt år, 130 mm i 1911. Turisme er ei viktig næring takk vere plasseringa mellom fjellområde, med ei rekkje hotell og turisthytter både i Fossbergom og oppover i Bøverdalen. Fleire naturområde i Lom er verna, mellom andre delane av kommunen som ligg innanfor nasjonalparkane Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen, i tillegg til tre mindre naturreservat.

Remove ads

Samferdsle

Dei viktigaste ferdselsårane gjennom Lom er Rv15 (heilårsvegen Otta-Måløy over Strynefjell) og Fv55 (Sognefjellsvegen) frå Fossbergom gjennom Bøverdalen og Leirdalen gjennom Leikanger til Vadheim i Høyanger. Det er òg samband med ekspressbuss til m.a. Bergen, Trondheim og Oslo.

Kultur

Thumb
Lom stavkyrkje med Skjåk i bakgrunnen

Lom har fleire minne frå eldre kultur, m.a. Lom stavkyrkje. Garmo kyrkje vart riven i 1880 og atterreist på Maihaugen på Lillehammer som del av De Sandvigske samlinger. På Fossbergom Steinsenterer det samlingar av stein frå heile verda, særleg mange mineral frå Jotunheimen. Norsk fjellmuseum opna i 1994. Lom bygdemuseum er ein del av det konsoliderte Museet i Nord-Gudbrandsdalen og har fleire bygningar, m.a. Tor-Jonsson stugu, der diktaren voks opp. Ein minnestein er reist ved Hamsunstugu på Garmo, som er fødestaden til Knut Hamsun. Annakvart år vert litteraturfestivalen Diktardagar arrangert.

Lokalavisa er Fjuken, som òg dekkjer dei to andre kommunane i Ottadalen.

Remove ads

Kjende personar frå Lom kommune

Verdt å sjå i Lom kommune

Kjelder

Bakgrunnsstoff

61°50′11″N 8°34′5.2″E

Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads