First Base av Babe Ruth
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
First Base er debutalbumet til den engelske rockegruppa Babe Ruth. Det vart produsert av Alan Shacklock og Nick Mobbs i Abbey Road Studios mellom juni og september 1972, og kom ut same året.
Songen «Wells Fargo» — ein hardrocksong kalla opp etter pengetransportlinja i det gamle veste, med tekstar om denne cowboytida - vart gjeven ut på singel og vart populær på FM-radio i USA.[6]
Albumet selte til gullplate i Canada, og selde godt i USA, medan salstala var skuffande i Storbritannia. Songen «The Mexican» er blitt spelt av mange andre artistar gjennom åra, mellom anna i 1984 av John «Jellybean» Benitez med vokal av Janita Haan. «The Mexican» vart òg miksa inn i tredje sporet på The Dirtchamber Sessions Volume One av Liam Howlett frå The Prodigy i 1999 og covra av GZA i 2015.
Plateomslaget og fotografiet vart laga av Roger Dean.
Remove ads
Innhald
Remove ads
Medverkande
- Babe Ruth
- Alan Shacklock - gitar, Hammondorgel, perkusjon, vokal
- Janita «Jennie» Haan - vokal
- Dave Hewitt - bassgitar
- Dick Powell - trommer, perkusjon
- Dave Punshon - elektrisk piano, klaverinstrument
- Gjestemusikarar
- Gasper Lawal - conga, bongo, cabasa
- Brent Carter - saksofon
- Harry Mier - obo
- Peter Halling - cello
- Clive Anstee - cello
- Manny Fox - cello
- Boris Rickleman - cello
- Jeff Allen - trommer på «The Runaways»
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads