Five to One
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Five to One» er ein song av The Doors frå albumet deira Waiting for the Sun frå 1968.
Remove ads
Opphav
«Five to One» skal visstnok vere forholdet mellom kvite og svarte, gamle og unge eller ikkje-marihuanarøykande og marihuanarøykande i USA i 1967. Ei anna vandresoge er at det var forholdet mellom vietnamesiske og amerikanske soldatar i Vietnam. Jim Morrison sa derimot at teksten ikkje var politisk, og dette verkar truleg når ein ser på delar av teksten.
Morrison var så full då han spelte inn songen, at studiopersonalet måtte sei til han når han skulle byrje å synge. Om du høyrer nøye etter kan du høyre nokon i bakgrunnen som seier «one more», før Morrison startar første verset.
Remove ads
Konsertutgåver
Songen vart spelt på fleire konsertar, mest kjend i Miami i 1969. Mot slutten av songen sa ein full Morrison at publikum var «idiotar» og «slavar». Kosnerten enda med at Morrison vart tiltalt for «forsøk på å skape eit opprør» blant publikum, noko som førte til at han vart arrestert og seinare dømd for blotting. Hendinga er ein del av filmen The Doors av Oliver Stone.
Andre versjonar
Marilyn Manson spele songen inn i studio, medan Velvet Revolver og det russiske bandet Splean har spela songen live. Gitarsoloen på Pearl Jam sin «Alive» var basert på Ace Frehley sin gitarsolo på Kiss-songen «She», som igjen var basert på Robby Krieger sin solo i «Five to One».[1] Kanye West sampla «Five to One» for å skape rytmen for Jay-Z-songen «Takeover på The Blueprint.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads