Fjernsjakk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Fjernsjakk
Remove ads

Fjernsjakk er sjakk som blir spela over avstand med ulike former for kommunikasjon.

Thumb
Sovjetisk postkort for fjernsjakkspel.

Dette har tradisjonelt skjedd som postsjakk, med brev eller postkort. Dei siste åra har fjernsjakk i stor grad i staden blitt spela ved å bruke ei fjernsjakk-datamaskin til å kommunisere trekka, og til ei viss grad også ved ebrev.

Fjernsjakk har elles blitt spela ved bruk av dei fleste former for kommunikasjon, frå telegraf på 1800-talet, til seinare telefon, teleks og telefaks. Brevduer skal også ha blitt brukt.

Fjernsjakk står i motsetnad til nærsjakk, der spelarane sit ved eit sjakkbrett samtidig. Det blir også rekna som nærsjakk viss spelarane ikkje sit på same stad, men der trekka blir overført fortløpande, slik at partiet blir avvikla innanfor vanlege rammer for tenketid for nærsjakk.

Remove ads

Særtrekk ved fjernsjakk

Det karakteristiske ved fjernsjakk er såleis både den geografiske avstanden mellom spelarane, og at det blir spela med mykje lenger tenketid enn nærsjakk. Tenketida kan variere etter kva som blir avtalt mellom spelarane, eller bestemt for den einskilde turneringa, men har tradisjonelt vore f eks 30 dagar på 10 trekk. Eit fjernsjakk-parti kan såleis vare frå nokre dagar, når det blir spela via ei datamaskin på nettet, eller via ebrev. Og det kan ta opptil fleire år når det blir spela via post mellom spelarar i ulike land.

Fjernsjakk er ulik nærsjakk på fleire måtar. I nærsjakk blir det vanlegvis spela berre ein mot ein, når ein ser bort frå simultan-oppvisningar. I fjernsjakk har spelarane oftast mange parti i gang samtidig, og deltar gjerne i fleire turneringar samtidig også. Somme fjernsjakk-spelarar kan ha meir enn hundre sjakkparti i gang samtidig.

Tenketida i fjernsjakk er vanlegvis mellom 30 og 60 dagar for 10 trekk, med tillegg for tid for postgangen i postsjakk. Dette gjer det mogleg for spelarane å arbeide grundigare med partia, noko som gjer at spelarane sjeldnare gjer grove feil. I fjernsjakk har spelarane no vanlegvis høve til å bruke hjelpemiddel som sjakkbøker, databaser og sjakkprogram. Men det blir også arrangert turneringar der spelarane forpliktar seg til ikkje å bruke hjelpemiddel, typisk så som sjakkprogram.

Remove ads

Hjelp frå datamaskiner

Dei siste åra har det kome manga og sterke sjakkprogram, noko som har endra den tradisjonelle fjernsjakken. No trengst det ikkje berre kunnskapar om sjakk, og evne til å analysere sjakk, men det krevst i tillegg ei evne til å kunne bruke sjakkprogram og dei analysane som programma leverer. Då alle spelarar no har tilgang til dei sterkaste sjakkprogramma, så vil også spelarar med begrensa eigen spelestyrke bli i stand til å levere jamnt svært gode trekk. Dette gjer at det no er mindre avstand i resultata enn tidlegare mellom nybegynnar og meisterspelar i fjernsjakk.

Problemet blir då: Er ein menneskeleg meisterspelar pluss maskin noko særleg betre enn ein nybegynnar som berre leverer dei trekka som maskina foreslår? Til no synest dei sterkaste spelarane å ha eit overtak uansett, men sjakkprogramma blir betre for kvart år.

Remove ads

Organisert fjernsjakk

Fjernsjakk-turneringar blir arrangert av ulike organisajonar, både nasjonale og internasjonale. Den viktigaste er International Correspondence Chess Federation (ICCF). ICCF samarbeider med verdssjakkforbundet FIDE.

ICCF tildelar titlane Internasjonal meister i fjernsjakk (IM), Senior Internasjonal Meister i fjernsjakk (SIM) og Stormeister i fjernsjakk. Desse titlane tilsvarar dei titlane som Verdssjakkforbundet FIDE delar ut for nærsjakk.

ICCF arrangerer også VM i fjernsjakk. Fordi desse turneringane går over lang tid, kan dei overlappe kvarandre: I februar 2005 var Joop van Oosterom erklært som vinnar av det 18. VM i fjernsjakk, som starta i juni 2003. Medan ein måtte vente til januar 2006 før det var klart at nordmannen Ivar Bern hadde vunne det 17. VM i fjernsjakk, som starta i mars 2002.

I Noreg blir fjernsjakk organisert av Norges Fjernsjakkforbund (NFSF). Det blei grunnlagt 1. september 1945 som Norges Postsjakkforbund (NPSF), og fikk det noverande namnet sitt i 2006.

Fleire nordmenn har oppnådd suksess i sjakkforma. I tillegg til Ivar Bern kan ein nemna europameistrane Frank Hovde (1990) og Arne Vinje (1998). Laget som blei danna av Ivar Bern, Raymond Boger, Arild Haugen, Petter Stigar, Morten Lilleoren, Tor-Arne Klausen vann gullmedaljen i ICCF-OL i 2009. Anders Elgesem var ICCF-president frå 1955 til 1959.

Ulike former for fjernsjakk

I praksis er det no hovudsakleg tre former for fjernsjakk, der nett-basert fjernsjakk mot ei datamaskin etter kvart synest å ta meir og meir over.

Fjernsjakk via datamaskiner på nettet

Fjernsjakk-datamaskiner på nettet tar imot trekka frå spelarane, antan etter pålogging, eller for så vidt på kva vis om helst. Datamaskina lagrar trekka og partia i ei database, og motstandaren kan hente ut det nye trekket, og deretter legge inn sitt svar.

Ebrev-basert fjernsjakk

Dette synest å vere på veg ut - mellom anna pga. problem med spam og virus.

Postsjakk

Det er framleis høve til å spele tradisjonell postsjakk, og det blir framleis arrangert turneringar der spelarane sender trekka pr post.

Remove ads

Nærsjakk-spelarar som har spelt fjernsjakk

I våre dagar er dei fleste sterke fjernsjakk-spelarane spesialistar i denne greina av sjakkspeling. Men særleg i tidlegare tider var det mange sterke nærsjakk-spelarar som også spelte postsjakk.

Olga Rubtsova vann både det vanlege nærsjakk-VM for kvinner, og postsjakk-VM. 3 postsjakk-verdsmeistrar var stormeister i nærsjakk: Jakov Estrin, Alberic O'Kelly de Galway og Viacheslav Ragozin. Tre postsjakk-verdsmeistrar var Internasjonale Meistrar i nærsjakk: C.J.S. Purdy, Mikhail Umansky og Ivar Bern. Spelarar som har mottatt stormeister-tittelen i begge disiplinar er spelarar som Ulf Andersson, Igor Bondarevsky, Aivars Gipslis, Curt Hansen, Jonny Hector, Jānis Klovāns, Olita Rause(WGM), Lothar Schmid og Duncan Suttles. Fjernsjakk-stormeistrane Janos Balogh, Olaf Barda, Jean Hebert, Jonathan Penrose og Richard Polaczek var også Internasjonale Meistrar i nærsjakk, og nærsjakk-stormeister Alexander Tolush var fjernsjakk-IM. Paul Keres, Estland, ein av dei aller sterkaste nærsjakk-spelarene gjennom tidene, spelte mange postsjakk-parti då han var ung. Verdsmeistrane i nærsjakk Alexander Alekhine og Max Euwe er også kjende for å ha spelt ein del postsjakk-parti. Ulf Andersson var rangert mellom dei første 100 på verdssjakkforbundet si ratingliste for juni 2002, samtidig som han var rangert som nr 2 på ICCF si ratingliste.

Remove ads

Verdsmeistrar i fjernsjakk (ICCF)

Årstala under er tida dei ulike VM-finalane vart spela.

Menn

Meir informasjon #, År ...
Remove ads

Kvinner

Meir informasjon #, År ...
Remove ads

Verdscupen ICCF

Meir informasjon #, År ...

Veteranverdscupen ICCF

Meir informasjon #, År ...


Remove ads

Noregsmeistrar

  1. Olaf Barda, 1947
  2. Sverre Lillelien, 1948
  3. Olaf Barda, 1950
  4. Erik Madsen, 1952
  5. Einar Tinnesand, 1953
  6. Per Lindblom, 1954
  7. Kare Ormhang, 1955
  8. Henry Pettersen, 1956
  9. Daan de Lande, 1957
  10. Edvard Sterud, 1958
  11. Sverre Aarseth, 1959
  12. Edvard Sterud, 1960
  13. Daan de Lange, 1961
  14. Jan Svenneby, 1962
  15. Edvard Sterud, 1963
  16. Per Lindbolm, 1964
  17. Henry Pettersen, 1965
  18. Trygve Plukkerud, 1966
  19. Jan Svenneby, 1967
  20. Daan de Lange, 1968
  21. Einar Hatlebakk, 1969
  22. Edvard Sterud, 1970
  23. Edvard Sterud, 1971
  24. Odd Lie, 1972
  25. Nils Larsen, 1973
  26. Leif Øgaard, 1974
  27. Karl Michelsen Jr., 1975
  28. Henry Pettersen, 1976
  29. Øystein Sande, 1977
  30. Terje Wibe, 1978
  31. Dag Orseth, 1979
  32. Terje Wibe, 1980
  33. Terje Wibe, 1981
  34. Erling Iversland, 1982
  35. Terje Wibe, 1983
  36. Einar Hatlebakk, 1984
  37. Odd Lie, 1985
  38. Øystein Sande, 1986
  39. Tore Resøy, 1987
  40. Ivar Bern, 1988
  41. Petter Stigar, 1989
  42. Terje Wibe, 1990
  43. Jan Svenneby, 1991
  44. Janos Szalai, 1992
  45. Rune Gåsemyr, 1993
  46. Terje Wibe. 1994
  47. Sven Wisløff Nilsen, 1995
  48. Bjørn Minge, 1996
  49. Øystein Lorentzen, 1997
  50. Rune Bergquist, 1998
  51. Edvard Sterud, 1999
  52. Jens Otto Jensen, 2000
  53. Rune Bergquist, 2001
  54. Øystein Lorentzen, 2002
  55. Svein Olsen, 2003
  56. Øystein Lorentzen, 2004
  57. Tor-Arne Klausen, 2005 [1]
  58. Øystein Lorentzen, 2006 [2]
  59. Morten Lilleoren, 2007 [3]
  60. Arne Trana, 2008 [4]
  61. Cato bekkesletten, 2009 [5]
  62. Rune Andersen, 2010 [6]
  63. Arild Haugen, 2011 [7]
  64. Arild Haugen & Trond Glørstad, 2012 [8]
  65. Terje Hagen, 2013 [9]
  66. Reidar Gramstad, 2014 [10]
  67. Arild Haugen, 2015 [11]
  68. Anders Sten Johansen, 2016 [12]
  69. Anders Høyer Berg & Ove Hegelund, 2017 [13]
  70. Arild Haugen, 2018 [14]
  71. Finn Wister, 2019 [15]
  72. reidar Gramstad, 2020 [16]
  73. Arild Haugen, 2021 [17]
  74. James Steedman, 2022 [18]
  75. Anders Sten Johansen, 2023 [19]
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads