Flaggresolusjonen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Flaggresolusjonen er ein kongeleg resolusjon av 13. juli 1821 som vedtok forslaget til Fredrik Meltzer om nytt flagg for Noreg. Etter ein omfattande debatt i 1821 blei flaggforslaget til Meltzer vedteke i Stortinget 17. mai 1821 og oversendt Kongen. Kongen skreiv «Gillas Carl Johan» ved sida av flagget og godkjende dimed forslaget til Stortinget.[1]
Riksarkivet eig resolusjonsdokumentet, som er på sju sider. Seks sider tekst datert 13. juli 1821 på Stockholms slott og ein akvarell med fleire lag med flaggforslaget til Meltzer.[2] Heile dokumentet er ein del av Noregs dokumentarv, eit register over dei viktigaste dokumenta i norsk historie.[3] Registeret er ei nasjonal utgåve av verdsminne-programmet til UNESCO.
Remove ads
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads