Noregs dokumentarv

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Noregs dokumentarv er eit register over ein del av dei viktigaste dokumenta i norsk historie, næringsliv, kulturliv og anna samfunnsverksemd. Registeret er ei nasjonal utgåve av UNESCO sitt Verdsminne-program (Memory of the World),[1] som skal bidrage til å verna og tilgjengeleggjere verda si dokumentarv og framstå som menneskja sitt kollektive minne.

Thumb
Kulisteinen er det eldste dokumentet i registeret.
Foto: Arne Kvitrud, 2011

Dokumenta er valde ut av den norske komiteen for verda si dokumentarv på grunnlag av nominasjonar i hovudsak frå arkiv, museum og bibliotek. Registeret vart opna 8. februar 2012 med eit innhald på seksti dokument og dokumentgrupper/arkivsamlinger. Det meste er tradisjonelle papirdokument, men registeret omfattar òg andre medium som runestein, fagforeiningsfane, filmnegativ, radioopptak og digitalfilm. Tidsspennet er på rundt tusen år.

Remove ads

Kriterium

Ved val av dokument til Noregs dokumentarv tek ein utgangspunkt i internasjonale kriterium, som er skildra i General Guidelines to Safeguard Documentary Heritage frå verdsprogramme. Ein vurderer aktuelle dokument ut frå hovudkriteria autentisitet (dei må - i hovudsak - vere originale) og at dei er unike.[2] Det siste inneber mellom anna at dokumenta må vere uerstattelege, og at dei må ha hatt (eller ha) vesentleg samfunnsmessig tyding eller representere hendingar eller fenomen som har hatt slik tyding.

Den nasjonale tydinga kan speglast i eit eller fleire av følgjande kriterium:

  1. Tid: Dokumentet er ein viktig tidsmarkør for til dømes ei sosial, politisk eller kulturell endring. Dokumentet representerer ei ny oppdaging eller er i seg sjølv det første i sitt slag.
  2. Stad: Den geografiske eller institusjonelle tilknytinga til dokumentet er viktig. Staden (og informasjonen det gjev om staden) er viktig for Noreg. Kanskje gjev det opplysningar om stader som ikkje lenger finst.
  3. Menneskjer: Dokumentet og konteksten det er i viser viktige sider ved menneskelege handlingar eller ved politisk, sosial, industriell eller kunstnarisk utvikling.
  4. Emne/tema: Dokumentet representerer tematisk viktige utviklingstrekk innan historie, vitskap, politikk, idrett eller kunst.
  5. Form/stil: Dokumentet har ein særleg estetisk, stilistisk eller språkleg verdi, kanskje særleg om form og format er i ferd med å forsvinne.
  6. Kulturell, åndeleg eller religiøs verd: Her krevst det at dokumentet har denne verdien i dag.
Remove ads

Dokumenta

Den norske komiteen for verdas dokumentarv vurderer dei framlegga som kjem inn og avgjer kva for dokument som skal med i registeret. Arne Skivenes, frå Bergen byarkiv, var leiar for komiteen i 2012.

Tabellen under syner dei dokumenta og dokumentsamlingane som utgjer Noregs dokumentarv. Registeret blei skipa i 2012. Det har vore ny nominasjonsrunde i 2014 og 47 dokument vart nominerte.[3] Avgjerda om kva for dokument som kjem på lista vart publisert 2. desember 2014.[4] I 2016 vart det gjennomført ein ny nominasjonsrunde, 12 nye registreringar vart førte inn i registeret 9. desember 2016.[5] Endå ein ny nominasjonsrunde fann stad i 2018. Av 24 nominasjonar vart 7 innførte i registeret 7. desember 2018.[6]

I kolonnen «Referanse» er lenkjer til skildringar frå dei som har gjort framlegg om dei respektive dokumenta med grunngjeving for kvifor dei bør med. Fire av dokumenta blei automatisk vald inn i kraft av at dei allereie tilhøyrde registeret over Verdas dokumentarv. Det gjeld Lepraarkiva i Bergen, arkivet til Thor Heyerdahl, Henrik Ibsen sitt Et dukkehjem og filmen Roald Amundsens sydpolsferd. Sophus Tromholt sitt fotoarkiv vart ein del av verdas dokumentarv i 2013.

Meir informasjon Dokument, Skildring ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads