Fletschhorn

From Wikipedia, the free encyclopedia

Fletschhorn
Remove ads

Fletschhorn er eit 3 993 meter høgt bredekt fjell i Wallis-Alpane i Sveits. Fjellet ligg i hovudfjellkjeda i Alpane, mellom dalen Saastal og Simplonpasset. Fjellet ligg i kantonen Valais.

Kjappe fakta Land, Fjellkjede ...
Remove ads

Fyrstebestiging

Dei fyrste på toppen var J.D. James og fjellføraren hans, Ambros Supersaxo. Hendinga fann stad ein gong i juli 1889.

Fletschhorn er for ein stor del dekt av isbreen Grubengletscher, breen endar ved Saas Balen.

Fletschhorn dannar saman med Lagginhorn og Weissmies eit tretoppsmassiv aust for Saastal. Den vanlegaste ruta til Fletschhorn byrjar frå Weissmieshütte på 2 726 moh. Frå same staden kan ein også klive til topps på dei to andre fjelltoppane.

Tidlegare vart Fletschhorn rekna for å vere ein 4 000-meters topp. Karl Blodig, som skal ha vore den fyrste som kleiv til topps på alle 4 000-metringane i Alpane, klatra i 1900 også opp på Fletschhorn. Fyrst i 1950 vart fjellet stroke frå lista over 4 000 meter høge alpetoppar.

Remove ads

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads