Lagginhorn

From Wikipedia, the free encyclopedia

Lagginhorn
Remove ads

Lagginhorn er eit 4 010 meter høgt fjell i Wallis-Alpane i Sveits. Fjellet ligg få kilometer nord for den knapt høgre toppen Weissmies, og nær ved den knapt lågare toppen Fletschhorn i nord.

Kjappe fakta Land, Kanton ...

Lagginhorn er den siste 4000-meters toppen i hovudfjellkjeda i Alpane før ein kjem til Simplonpasset. Han ligg i kantonen Valais.

26. august 1856 kom eit heilt turlag til topps som dei fyrste. Med på turen var Edward L. Ames og tre andre englendarar, den lokale presten Johann Josef Imseng, Franz Andenmatten og tre andre fjellførarar.

Normalruta går langs vestryggen og inneber ein del lett klatring. Vanleg utgangspunkt for ein topptur på Lagginhorn er Weissmieshütte på 2 726 meter over havet.

Remove ads

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads