Flittiglise

From Wikipedia, the free encyclopedia

Flittiglise
Remove ads

Flittiglise (Impatiens walleriana) er ein planteart i springfrøslekta i springfrøfamilien.[1] Han er ein blomstrande urteaktig fleirårig plante med breie lansettforma blad som er 3–12 cm lange og 2–5 cm breie. Blada er oftast fyllotaksiske og alternerande, men dei kan også vere fyllotaksiske og motsette mot toppen av planta. Blomstrane er talrike, 2–5 cm i diameter. Dei har fem kronblad og 1 cm lange sporar. Mogne frøkapslar eksploderer på same måte som hos andre artar i springfrøslekta, noko som er ei evolusjonært tilpassa frøspreiing.

Kjappe fakta

Planta veks naturleg i Aust-Afrika frå Kenya til Mosambik. Flittiglise er ein utbreidd prydvekst i andre delar av verda, både som bed- og potteplante.

Remove ads

Namn

Det vitskaplege namnet er Impatiens walleriana:

  • Impatiens tyder 'utolmodig' og viser til korleis frøkapselen til planta slenger ut frøa sine ved berøring.
  • walleriana er etter Horace Waller, ein misjonær i det sentrale Afrika på 1800-talet.

Eit tidlegare vitskapleg namn var Impatiens sultanii.

På engelsk har planten vore kjend som busy Lizzie (i Storbritannia), balsam, sultana eller berre impatiens.

Remove ads

Utbreiing

Flittiglise finn ein naturleg i Kenya, Tanzania, Mosambik, Sør-Malawi og Aust-Zimbabwe. Arten veks her på fuktige, skyggefulle stader, fuktige klipper, kyst- og fjellregnskogar i høgder frå 0 til 2000 moh.

Thumb
Fullblomstrande sort

Kultivarar

Thumb
Dobbel Impatiens

Sjølv om I. walleriana er fleirårig når han får stå frostfritt, er planten vanlegvis sett på som halvherdig eittårig i tempererte regionar. Som potteplante kan han likevel overvintre innandørs. Flittiglise er vanleg å plante i parkar og hagar, typisk i blomsterkassar og i blomsterbed. Flittiglise kan formeirast gjennom frø eller stiklingar, som ofte lett slår rot i vatn.[2] Talrike kultivarar med ei rekkje fargar frå kvitt til lilla er tilgjengelege i handel, anten som frø eller unge plantar. Dei omfattar dei følgjande (namna merka med agm har oppnådd britiske Royal Horticultural Society sin Award of Garden Merit:

  • Accent serien agm[3]
  • 'Blackberry Ice'
  • 'Confection'
  • 'Eclipse'
  • 'Elfin White'
  • 'Extra Dwarf'
  • 'Fiesta Ole' (dobbelblomstrande variant)
  • 'Lipstick'
  • 'Red Star'
  • Super Elfin serien agm[4]
  • Tempo Serien agm[5]
  • 'Wink and Blink'

Super Elfin-serien er den mest vanlege kultivargruppa i handelen. Denne gruppa var odla fram av Claude HopeCosta Rica. Hope utvikla denne kultivaren frå arten si naturlege form til å bli ein av dei mest populære blomsterbedplantane i verda.[6]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads