Riksveg 5

vei i Sogn og Fjordane From Wikipedia, the free encyclopedia

Riksveg 5

Riksveg 5 (Rv5) er ein stamveg som går mellom Ytre Sunnfjord og Indre Sogn i Vestland fylke. Vegen (unnateke ferjestrekninga og felles trasé med E39) er 152,7 km lang.

Meir informasjon Strekning, Informasjon ...
Riksveg 5
Thumb
Strekning
FlorøHåbakken i Lærdal
Thumb
Thumb
Informasjon
Lengd 152,7
Status riksveg
Ferjestrekningar 1
Tilstøytande vegar
Riksveg 5 Riksveg 5 Riksveg 5 55
Lukk

Med utgangspunkt der Europaveg 16 går inn i Lærdalstunnelen, omtrent fem kilometer sørom Lærdalsøyri, går vegen nordvest til Sogndal og Fjærland og derfrå nordover til Jølster og så vestover til Florø.

Historikk

Riksveg 5 hadde opphavleg traséen Florø - Eikefjord - Ramsdalsheia - Naustdal - Førde - Moskog - Gaularfjellet - Dragsvik - Hella - Sogndal - Kaupanger. Samstundes i 1986 vart den nye Riksveg 625 mellom Skei og Fjærland opna av tidlegare visepresidenten i USA, Walter F. Mondale.

Fjærland - Lærdal

Strekninga mellom Fjærland og Sogndal vart ferdig i 1994 som ny Riksveg 5, og med dette vart òg Riksveg 625 innlema som del av nye Rv5 mellom Førde og Sogndal. Riksveg 13 overtok gamle Rv5 mellom Dragsvik og Moskog, og den tidlegare delstrekninga av Rv13 mellom Dragsvik og Vadheim vart saman med tidlegare Riksveg 5 mellom Hella og Sogndal lagde til som ei forlenging av dåverande Riksveg 55 mellom Lom og Sogndal. I 2010 vart Rv13 mellom Dragsvik og Moskog skild ut som Fylkesveg 13, og i 2019 fekk vegen den nye nemninga fylkesveg 613. Samstundes vart Hella - Sogndal felles trasé for Rv13 og Fv55.[1]

I 1995 vart den nye vegen mellom Kaupanger og Mannheller ferjekai opna, i tillegg til Fodnestunnelen mellom Aspvikane og Lærdalsøyri. Då hadde strekninga Fodnes ferjekai - Aspvikane allereie vore open sidan 1993 som del av forlenginga av Riksveg 53 frå Årdal, og denne vart nå del av Rv5. Vidare med opninga av Lærdalstunnelen i 2000 vart gamle Europaveg 16 mellom Lærdal ferjekai og Håbakken lagt til som ei ny forlenging av riksvegen.

Førde - Florø

Mellom Førde og Florø opna Naustdalstunnelen i 1995 mellom Jonstad og Svarthumla, og med dette vart gamle Riksveg 5 mellom Jonstad og Nyheim del av dagens Fylkesveg 5691. Vidare vart strekninga mellom Nyheim og Åmotsstølane del av dagens Fylkesveg 5694, og gamlevegen mellom Åmotsstølane over Ramsdalsheia til Svarthumla vart kommunal veg.

Ny veg på strekninga Svarthumle–Brandsøy vart opna 6. juli 2005 etter at det hadde pågått arbeid sidan 1999. Mellom Svarthumle og Brekka har vegen den gamle traséen, bortsett frå ny bru på Storebru. Vidare vestover frå Brekka til Eikefjord er gamlevegen omklassifisert til kommunal veg, og vidare til Kvalvik er gamlevegen del av Fylkesveg 611. Gamlevegen gjennom Hatleset er kommunal veg medan gamlevegen på sørsida av Brandsøy er dagens Fylkesveg 5704.

Fjærland - Førde

I 2006 opna ny Riksveg 5 mellom Kjøsnes og Vika utanfor Skei, og gamlevegen står att som tilkomstveg i begge retningar frå Fylkesveg 5690. Grunna fara for ras langsmed Kjøsnesfjorden vart det bygd tunnelar i fleire omgangar. I 2009 opna Støylsnestunnelen (2,7 km) mellom Føreneset og Lunde, og gamlevegen vart stengd for trafikk. I 2022 opna ei forlenging av Støylsnestunnelen til Kjøsnes, og tunnelen fekk det nye namnet Kjøsnestunnelen. Gamlevegen er tilkomstveg for Vikane frå Kjøsnes.

Kommunar og knutepunkt

Vestland

Kinn kommune
Thumb
Florø
Foto: Hiortefoto
Thumb
Brandsøy til høgre. Vegen kryssar Brandsøysundet bak furua mot høgre biletkant.
Foto: Hiortefoto
  • Endepunkt Fugleskjærsgata, Florø
    • ferje Hurtigruta, bilar kan takast med
    • ferje Rutebåt Florabassenget, einskilde avgangar kan ta med bilar, sjå Skyss
  • Kommunal veg → 445 ringveg til Florø lufthamn
  • Fv5704 Florø samfunnshus → Firdavegen til Riksveg 5 Brandsøysundet (5,9 km) (gamle hovudvegen ut av Florø)
  • industri Botnaneset
  • Fv5704 Brandsøysundet → Brandsøyvegen til Riksveg 5 Florø samfunnshus (5,9 km) (gamle hovudvegen til Florø)
  • bru Brandsøy bru (20 m)
  • tunnel Helgøytunnelen (238 m)
  • tunnel Sundafjelltunnelen (1883 m)
  • tunnel Grovanestunnelen (47 m)
  • 614 Grov → Magnhildskarvegen gjennom Bremanger kommune til Riksveg 5 Stårheim
  • tunnel Hatlesettunnelen (41 m)
  • 611 Kvalvik → Hovlandsvegen til Naustdal om Eikefjord og Stavang (60,2 km)
  • tunnel Hovlandstunnelen (183 m)
  • 615 Storebru → Hyevegen til Hyen og Riksveg 5 Sandane
  • Svarthumla → kommunal veg Ramsdalsvegen til Fv5694 Åmotsstølane (gamle Riksveg 5 over Ramsdalsheia)
  • tunnel Naustdalstunnelen (5970 m)
Sunnfjord kommune
Thumb
Rv5 går på bru over Nausta i Naustdal.
Thumb
Førde med E39 til venstre og Rv 5 til høgre
Thumb
Helgheim kyrkje ligg mellom vegen og Jølstravatnet.
Foto: Per Magne Kjøde
Thumb
Bøyabreen
Foto: Jarkko Laine
Thumb
Ved Sogndalsfjøra kryssar vegen fjorden på Loftesnesbrua
Thumb
Mannheller ferjekai

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.