Florence Farr

britisk skodespelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Florence Farr
Remove ads

Florence Beatrice Emery, fødd Farr, (7. juli 186029. april 1917) var ein britisk West End-skodespelar, komponist og regissør. Ho var òg ein kvinnerettsaktivist, journalist, pedagog, songar, forfattar og dessutan leiare for den okkulte ordenen Golden Dawn.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Farr var ein gang elskarinna til dramatikaren George Bernard Shaw. Ho var venn og samarbeidspartnar med nobelpristvinnaren William Butler Yeats, diktaren Ezra Pound, dramatikaren Oscar Wilde, kunstnarane Aubrey Beardsley og Pamela Colman Smith, mystikaren Arthur Edward Waite, teaterprodusenten Annie Horniman, og mange andre lærde i fin de siècle-krinsane i London. Sjølv om ho ikkje var så kjend som nokre av sine samtidige, var Farr ein førstebølgjefeminist på det seine 1800- og det tidlege 1900-talet. Ho arbeidde mellom anna for røysterett, likskap i arbeidslivet og likt vern under lova for kvinner. Ho skreiv ei bok og mange artiklar i intellektuelle tidsskrift om rettar for «den moderne kvinna».[1]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads