Flying Fish Cove

From Wikipedia, the free encyclopedia

Flying Fish Cove
Remove ads

10°25′18″S 105°40′41″E

Kjappe fakta Land, Folketal ...

Flying Fish Cove, også kalla The Settlement, er hovudstad i det australske territoriet Christmasøya. Busetjinga ligg nordaust på øya.[2] Ho blei grunnlagd i 1888, etter at Christmasøya var blitt annektert av Storbritannia.[3]

Flying Fish Cove har den einaste hamna på øya.[4] Ho blir nytta til utskiping av fosfat frå gruvedrift andre stader på øya, transportert til hamna med jernbane.

Remove ads

Historie

Dei første menneska slo seg ned på Christmasøya etter annekteringa i 1888. Busetjinga fekk namn etter HMS «Flying Fish», eit britisk kartleggingsskip.[2] Grunnleggjarane var Clunies-Ross-brørne frå Kokosøyane eit stykke unna Christmasøya. Dei ville vinna ut tømmer og seinare fosfat frå øya.[3]

Under andre verdskrigen senkte japanarane eit norsk lasteskip som dreiv i fosfatfart ved Flying Fish Cove. Staden blei bomba av japanarane 31. mars 1942, og øya var okkupert av Japan frå 1942 til 1945.[3]

Den vesle hamna blir no særleg brukt av yachtar og turistbåtar.[2] Mange asylsøkarar til Australia har også enda opp her.[5] Det finst også ei flystripe nokre kilometer søraust for Flying Fish Cove.[2]

Thumb
Kart over Christmasøya med namn avmerkte.
Remove ads

Område i og ved Flying Fish Cove

«The Settlement» er staden der ein finn dei fleste butikkane og verksemdene på øya. Her finst fleire store, gamle hus frå kolonitida. Mange folk av europeisk herkomst lever her.[3] I området Kampong bur det mest malayar, og her finst det ein moské.[6] Poon Saan er eit kinesisk område medan Silver City, bygd med aluminium og anna metall, og Drumsite har ei meir blanda befolkning.

Staden har ei strand og ei bryggje som det går an å bada frå.[2]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads