Fosfat

salt eller ester av fosforsyre From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Eit fosfat er eit salt eller ein ester av fosforsyre (H3PO4).[1] Fosfat er eit naudsynt plantenæringsstoff.[2] I alt liv er fosfat naudsynt, som del av DNA og RNA og som den energiberande delen av ATP-molekyla. Meir enn fjerdedelen av beina til ryggradsdyr er fosfat.[3]

Kjemiske eigenskapar

Grunnforma til fosfat er eit ion samansett av eit fosfor-atom og fire oksygen-atom (PO43-). Vekta er 94,97 gram per mol. Fosfationet er den konjugerte basen til hydrogenfosfat (HPO42-), som atter er den konjugerte basen til dihydrogenfosfat (H2PO4-), atter den konjugerte basen til fosforsyre (H3PO4). Alle dei nemnte fosfat-formene er å finna i vatn. Kva form fosfatet ligg på kjem an på pH-en i vatnet.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads