Foolish Behaviour
album av Rod Stewart From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Foolish Behaviour er det tiande studioalbumet til Rod Stewart, gjeve ut den 21. november 1980 på Riva i Storbritannia (RVLP 11) og Warner Bros. Records i USA og Tyskland. Albumet vart spelt inn i The Record Plant Studios og Cherokee Studios i Los Angeles frå februar til september 1980. «Passion», «My Girl», «Somebody Special» og «Oh God, I Wish I Was Home Tonight» vart gjevne ut som singlar.
Videoen til ein annan song på albumet, «She Won't Dance With Me», var den tredje musikkvideoen som vart vist på MTV då kanalen vart lansert 1. august 1981. Teksten inneheld ordet «fuck» som ikkje vart fjerna frå videoen.[3]
Remove ads
Salslister
Foolish Behaviour nådde fjerdeplassen på albumlista i Storbritannia og 12. plassen i USA. Det selde til platina 8. januar 1981 i Storbritannia og 4. mars 1981 i USA. Albumet inneheld ein populær singel, «Passion», som nådde femteplassen på den amerikanske singellista. Albumet har seld meir enn fem millionar eksemplar verda over.
Remove ads
Innhald
Alle songar skrivne av Rod Stewart, Phil Chen, Kevin Savigar, Jim Cregan og Gary Grainger; utanom der andre er nemnde.
Remove ads
Medverkande
- Jim Cregan, Gary Grainger, Billy Peek – gitar
- Phil Chen, Tim Bogert, James Haslip – bassgitar
- Carmine Appice, Colin Allen, Roger Bethelmy – trommer
- Kevin Savigar, John Jarvis – klaverinstrument
- Paulinho Da Costa – perkusjon
- Rod Stewart – solovokal, munnspel
- Phil Kenzie, Earl Price, James Gordon – saksofon
- Billy Lamb, Jim Price – trombone
- Lee Thornburg – trompet
- Sid Page – fiolin
- Carmine Appice – pauker
- Susan Grindell, Valerie Carter, Tony Brock, The Rod Stewart Group – korvokal
- Del Newman – strykearrangement
- Teknisk
- Rick Charles Delena – andre lydteknikar
- Miks av Jeremy Andrew Johns and The Somerset Segovia
- Karat Faye – lydteknikar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads