Foramen magnum
oval opning i botnen av bakhovudbeinet From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Foramen magnum (latin for «det store hol») er ei stor opning på 3—4 cm i bakhovudbeinet i hovudskallen hjå menneske.[1] Det er ein av fleire ovale og runde opningar, såkalla foramina, i basen av skallen. Ryggmergen, som er ei forlenging av den forlenga merg, går gjennom foramen magnum og ut av skallen.[1] Ut av foramen magnum kjem òg den djupe halsarterien, arteria spinalis anterior, a. spinalis posterior, membrana tectoria og ligamenta alaria. Den verkar òg som ein kanal for den spinale delen av n. accessorius som går inn i skallen.

Remove ads
Andre dyr
Hjå menneske ligg foramen magnum noko lenger ned under hovudet enn hjå andre store aper. På grunn av dette treng ikkje nakkemusklane (inkludert m. occipitofrontalis) å vere like robuste for å halde hovudet opprett. Ved å sjå på posisjonen til foramen magnum i tidlege hominidar kan ein estimera kor komfortabel ein spesifikk art var då han gjekk på to bein (bipedalisme), samanlikna med fire bein (kvadrupedalisme).
Remove ads
Fleire bilete
- Indre overflate av bakhovudbeinet
- Hovudskallen sett frå undersida. Ein kan sjå delar av den forlenga merg (raudt) som går gjennom foramen magnum.
- Bakhovudbein. Foramen magnum er vist i raudt.
- Menneskehjernen med senehinna i fullgod stand. Foramen magnum er synleg som det store holet i midten.
Sjå òg
- bakre skallegrop
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads