Fordson

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Fordson var eit merkenamn nytta av Henry Ford & Son Inc., som var eit dotterselskap til Ford Motor Company, stifta for å produsera jordbrukstraktorarar[1]. Den fyrste Fordson-traktoren var Fordson F, som vart produsert i Dearborn i USA frå 1917 til 1928 og i Cork i Irland frå 1919 til 1922[1].

Kjappe fakta Skipa, Eigar ...

Fordson F var ein revolusjonerande traktor både teknisk og prismessig. I staden for å montera motoren, girkassen og bakakselen på ei stålramme, som var den vanlege byggemåten på denne tida, var dei bolta i hop til ein bærande konstruksjon og alle dreva i transmissjonen gjekk i innkapsla oljebad. Denne konstruksjonen resulterte i ein kompakt traktor, men reduserte òg produksjonskostnadane. Ford nytta røynsle si frå masseproduksjon av T-Forden for å halda kostnadane så låge som mogleg, og Fordson F vart seld til ein mykje lågare pris enn traktorane til konkurrentane. Han vart på stutt tid verdas mest selde traktor. Eik & Hausken var norsk importør av Fordson[2].

Remove ads

Fordson F (1917 - 1928)

Thumb
Fordson F, med reimskive (som var ekstrautstyr).
Thumb
Blokkonstruksjonen til Fordson F.
Thumb
Fordson F snittbilete.
Thumb
Kopplinga, girkassen og snekkedrevet i bakakselen.

Henry Ford & Son starta traktorproduksjon i 1917, men då hadde Ford eksperimentert med ymse prototypar heilt sidan 1906. Sjefskonstruktør for traktoren som til slutt vart sett i produksjon var ein ingeniør som heite Farkas. Traktoren vert difor av og til kalla «Farkas-traktoren». Fordson F skilde seg frå andre traktorar i samtida ved at motoren, girkassen og bakakselen var bolta saman til eit berande stykkje og alle tannhjula i girkassen og bakakselen gjekk i oljebad[1]. Denne konstruksjonen var ei vidareutvikling av eit prinsipp som Wallis Tractor Company, i Racine, hadde nytta heilt sidan 1913, då dei kom på marknaden med Wallis Cub. På Wallis-traktorane var det rett nok ikkje motor, girkasse og bakaksel som var den berande konstruksjonen, men ei stiv kåpe av kjelestål. På Wallis sine traktorar vart heller ikkje dei siste dreva i bakakselen innkapsla før 1918. Fordson F var mindre og lettare enn dei fleste andre traktorane på denne tida.

Motoren i Fordson F var ein 4-sylindra bensinmotor. Han hadde eit slagvolum på 4,1 liter og ytte ca. 20 hk ved 1000 o/min. Før 1920 var motoren av fabrikat Herkules, men i 1920 byrja Henry Ford & Son å produsera sin eigen motor, som var svært lik Herkules-motoren han erstatta. Fordson F hadde ein masse på berre 1215 kg, som resulterte i eit masseeft/effekt-tilhøve på berre 60 kg/hk. Motoren hadde vassavkjøling, men var ikkje utstyrt med vasspumpe. Han hadde heller ikkje trykksmøring, så det var viktig at det var nok olje på motoren for at plasksmøringa skulle fungera. Om traktoren var ståande for lenge i ein bratt bakke kunne smøringa verta så dårleg at lagra skar seg. Luftfilteret var av vassbadtypen og var ikkje særleg effektivt.

Fordson F hadde 3 gir framover og eit reversgir. I staden for konisk pinjong hadde Fordson F snekkedrev i bakakselen. Dette gjorde at han ikke kunne trillast eller slepast i gång. Fordson F var svært enkel og hadde ikkje meir utstyr enn naudsynt, og knapy nok det. Han hadde ikkje bremser før i 1923, då han vart utstyrt med bremser som vart aktiverte ved å trø koplingspedalen heilt ned. I 1924 kunne ein få skjermar som ekstrautstyr og i 1925 vart traktoren utstyrt med store skjermane, med innbygde vertøykassar, som standard. I tillegg til å verna føraren skulle desse skjermane hindra traktoren i å tippa rundt bakover ved steiling, som på grunn av den korte akselavstanden på berre 1,6 m var eit problem. Han var ikkje utstyrt korkje med reimskive eller effektuttak, noko som gjorde at han ikkje kunne nyttast som stasjonærmotor. Reimskive kunne rett nok ettermonterast, på høgre side av girkassen. At han likevel var så populær kom av at prisen låg langt under det konkurrentane kunne klara.

Fabrikkar

Fordson F vart produsert i Dearborn i USA frå 1917 til 1928. I 1919 vart det bygd ein heilt ny fabrikk i utkanten av Detroit. Samstundes vart det starta produksjon i Cork i Irland[1]. Men på grunn av dei vanskelege økonomiske tilhøva i byrjinga av 1920-talet fekk mange traktorprodusentar problem med å omsetta traktorane som vart produserte. Samstundes med at produksjonen vart trappa opp ved den nye fabrikken i Detroit vart difor produksjonen i Eire lagt ned i 1922. Det vart i alt produserte over 755000 traktorar.

To storordrar

Under fyrste verdsskrig var den britiske regjeringa i beit for traktorar for å auka matproduksjonen. Britiske produsentar hadde ikkje kapasitet til å dekkje etterspurnaden, så det britiske Ministry of Munitions (MOM) såg seg nøydd til å importere traktorar frå USA. Dei var spesielt nøgde med dei Fordson-prototypane dei testa og bestilte 6000 traktorar. På denne tida var dette ein stor ordre, men Ford hadde både ressursane og røynsle som skulle til for storproduksjon. Det var fyrst i 1918, etter at dei 6000 traktorane var leverte til Storbrittania, at traktorane vart tilgjengelege i Nord-Amerika, der dei vart selde av dei same Ford-forhandlarane som selde Ford person- og lastebilar.

Storordren på 6000 traktorar frå britane vart kraftig overstigen av Sovjetunionen, som i 1925 bestilte 25000 traktorar. Ein slik ordre var ikkje kvardagskost, sjølv for Henry Ford.

Fordson Putilovets (1924 - 1932)

Thumb
Fordson Putilovets.

Fordson F vart òg produsert på lisens i Sovjetunionen, der han var kalla «Putilovets». Produksjonen føregjekk ved Putilovets Krasny Zavod (Den raude Putilovets-fabrikken) i daværande Leningrad (no St. Petersburg. Namnet Putilovets kjem av at denne fabrikken før revulusjonen var eigd av Nikoloaj Putilov. Namnet på fabrikken vart endra til Putilovets Krasny Zavod i 1924. I 1934 vart namnet endra på nytt til Kirovskaij Zavod (Kirov-fabrikken), til minne om Sergej Mironovich Kirov.

Grunnen til at sovjetstaten valgde å produsera Fordson var at dei ikkje hadde naudsynt røynsle og ressursar til å utvikla sin eigen traktor innan rimeleg tid. Dei planla storproduksjon og at Fordson var utvikla for å masseproduserast høvde difor godt. Dessutan var Fordson F framleis ein moderne traktor tidleg på 1920-talet.

Traktorane på dei sovjetiske kollektivbruka vart ofte hardt køyrde og veivlagera synte seg å vera eit svakt punkt. Traktoren hadde magnettenninga bygd inn i svinghjulet og når lagra vart slitne kunne svinghjulet flytta seg litt attover i motbakke. Dette førte til lågare spenning og dårleg tenning.

Remove ads

Fordson N (1929 - 1945)

Thumb
Fordson N produsert i Eire (med store skjermar).
Thumb
Raudbetehausting med ein engelskprodusert Fordson N (med mindre skjermar) under 2. verdskrig.

Då han vart introdusert i 1917 var Fordson F svært moderne i høve til konkurrentane, men han vart ikkje vidareutvikla noko særleg og mot slutten av 1920-talet var han langt på veg utkonkurrert av meir moderne traktorar, som til dømes McCormic-Deering 15-30. Saman med den økonomiske depresjonen førte dette til så dårleg sal at den Nord-Amerikanske produksjonen vart lagt ned. At Ford hadde bruk for all tilgjengeleg produksjonskapasitet i samband med introduksjonen av personbilen Ford A, som erstatta T-Forden, skal og ha vore ei medverkande orsak til at traktorproduksjonen vart lagt ned i Nord-Amerika. I Europa var det større etterspurnad, så i 1929 vart det på nytt sett i gång produksjon i Cork i Eire. Samstundes vart det innført nokre modifikasjonar og den modifiserte traktoren kalla Fordson N.

Etter ei tid viste det seg at produksjonskostnadane i Cork vart høgare enn venta. Dessutan var det liten etterspurnad etter traktorar i Eire på denne tide og storparten av produksjonen vart eksportert til Storbritannia. I 1932 vart difor produksjonen flytta til ein heilt ny fabrikk i Dagenham i England. Fordson N skifta samstundes farge frå grå til blå. Ein kan og kjenne att Fordson N produsert i Dagenheim på at skjermane er mindre enn på traktorane produserte i Eire. Mot slutten av 1937 skifta Fordson N farge til oransje, men då andre verdskrig tok til vart farga bytta til grøn for at traktorane skulle vera vanskelegare å oppdaga frå lufta.

Motoren i Fordson N var ein modifisert versjon av den i Fordson F og kunne leverast for bensin eller parafindrift. Slagvolumet var auka frå 4,11 til 4,37 liter og turtalet frå 1000 til 1100 o/min. Dette gav bensinmotoren ei yting på 26 hk, målt på reimskiva, medan parafinmotoren ytte 21 hk, målt på reimskiva. Frå 1937 var luftfiltret av oljebadtypen.

Ei anna vesentleg forbetring var at Fordson N kunne leverast med effektuttak. Girkassen hadde framleis berre 3 gir framover, som på Fordson F og bakakselen hadde og same snekkeskruedrev som Fordson F. Framakselen var kraftigare enn på Fordson F og kan kjennast att på at han har ein liten knekk nedover på midten. Dessutan var framhjula av støypejarn. Fordson N hadde ein masse på ca. 1640 kg, Dette resulterte i eit masse/effekt-forhold på 56 kg/hk med bensinmotor og 71 kg/hk med parafinmotor. At vekta på framakselen auka hjelpte litt på problemet med at traktoren hadde lett for å steila.

Remove ads

Fordson E27N (1946 - 1952)

Thumb
Fordson E27N.

Då 2. verdskrig gjekk mot slutten var det stort underskot både på traktorar og råmaterialar i Storbritannia. Dessutan hadde landet eit stort valutaunderskot, så regjeringa ynskte å stimulere til innanlandsk traktorproduksjon. På grunn av underskot på råmaterialar var det innført rasjonalisering. For å tildele kvotar stilte regjeringa, gjennom «The British War Agricultural Comitee», krav om at traktorane måtte vera kraftige nok til å trekkje ein 3-skjers plog og ha stor nok frigångshøgd til å kunne nyttast som radkulturtraktorar.

Ford var ein av dei få selskapa som hadde kapasitet til å dekkje etterspurnaden, men den aldrande Fordson N kunne ikkje oppfylla desse krava. Fordson N var håplaust gammaldags og burde helst vore erstatta av ein meir moderne traktor. Men det hadde Ford korkje tid eller ressursar til på slutten av krigen. Resultatet vart at dei oppgraderte Fordson N så godt det let seg gjera. Den nye modellen fekk betegnelsen «E27N Major», der E for engelskprodusert of 27 for 27 hk.

Motoren var den utdaterte 4-sylindra sideventilerte forgassarmotoren frå Fordson N, som gjekk på parafin. Ved å auka maks turtal til 1200 o/min klarte dei å tyna ut 27 hk. For å betra kjølinga vart motoren utstyrt med kjølevasspumpe, men han hadde framleis berre plaskesmøring og slitestyrken var dårleg. Han hadde dessutan høgt drivstofforbruk. Massen var på 2000 kg med jarnhjul og 2050 kg med gummihjul, så masse/effekt-tilhøvet låg på ca. 74 kg/hk.

På grunn av at E27N var mykje høgare enn N vart han kalla «Stegamajor» i Noreg og «Höglund» i Sverige, medan danskane kalla han «Klodsmajor».

Referansar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads