Fortnite
dataspel frå 2017 From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Fortnite er eit tredjepersons skytespel og overlevingsspel utvikla av Epic Games og fyrst gjeve ut i 2017.
Grafikken i spelet liknar den i dataspelet Overwatch, og det er eit lysare alternativ til andre skytespel, grunna lite blod og valdelege detaljar. Fortnite er populært hjå yngre spelarar. Det består av to delar. «Save the World» og «Battle Royale». Fortnite kom fyrst ut som eit early access-spel 25. juli 2017,[1] men fullstendig utgjeving kom fyrst i 2020.[2] Fortnite Battle Royale vart ein stor suksess verda over, med over 125 millionar spelarar på under eitt år, og tente inn hundretals millionar dolllar per månad.
Det er gratis å spela dei ulike delane av spelet, bortsett frå Save the World.[3] Pengar i spelet blir kalla V-Bucks, og dei kan anten kjøpast for ekte pengar eller tenast gjennom å fullføra ulike oppdrag i spelet.[4]
Aldersgrensa for spelet er 12 år, grunna tunge menyar og kompliserte oppgraderingssystem.
Remove ads
Spelmodusar
Fortnite: Save the World
Save the World var den fyrste delen av Fortnite som blei gitt ut. Spelet føregår i tida vår, der 98 % av folkesetnaden forsvinn grunna ein verdsomspennande storm. Opptil fire spelarar kan samstundes samarbeida om å fri verda frå zombiar. Her kan ein konstruera våpen, byggja basar og laga feller for å drepa zombiane.
Fortnite Battle Royale
Battle royale-delen vart lansert i september 2017. Spelet består av at 100 spelarar vert droppa på ei øy. Her må ein finna våpen, skaffa seg resursar og drepa fiendar. Den siste overlevande vinn.
Remove ads
Prisar og utmerkingar
I 2017 vart spelet nominert for Best Co-op Game av PC Gamer,[5] og for Best Spectator Game av IGN.[6] I 2018 vann spelet prisen for Best Ongoing Game av PC Gamer[7] og IGN.[8] Sistnemnde nominerte det også for Best Nintendo Switch Game, Best Mobile Game og Best Action Game.[9][10][11]
Prisar og utmerkingar
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads