Zombie

From Wikipedia, the free encyclopedia

Zombie
Remove ads

Zombi er i følgje afro-karibisk voodoo-kult ein «levande død», det vil seie ein død kropp som er gjenoppliva av ei overnaturleg kraft. Zombi-førestillinga kjem frå Haiti, der folketrua påstår at ein trollmann (bokor) kan gjere personar til viljelause reiskapar gjennom svart magi. I følgje enkelte forskarar skal offera ha vorte dømde hemmelege bonderåd og gjeve lammande gift. Dei dømde har dermed vorte feilaktig erklært døde og gravlagd, for så å verte grave opp att og utnytta som apatiske slavar. Mange tviler likevel på at desse sogene er sanne.

«zombi» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå zombi (fleirtyding).
Thumb
Statistar som spelar zombiar, «levande døde», i Brian Clement sin skrekkfilm Meat Market 3 frå 2006.

Zombi-førestillinga har inspirert fleire forfattarar og filmskaparar, og zombiar er skildra i mange skrekkfilmar, teikneseriar, dataspel og andre populærkulturelle sjangrar.

Ordet zombi skal kome frå nzambi, som på kikongo tyder «ånda til ein død person». På norsk kan ordet i overført tyding òg nyttast om ein sløv, robotaktig person eller om eit gjenferd.

Remove ads

Zombiar i film

Thumb
Den svensk-amerikanske filmskodespelaren Tor Johnson som zombi i kultkalkunen Plan 9 from Outer Space frå 1959
Thumb
Det vart sett verdsrekord med 894 deltakarar i ein såkalla «zombi-marsj» (Zombie Walk) for utkledde film-tilhengjarar i Pittsburgh i USA hausten 2006.

I skrekkfilmar vert zombiar gjerne framstilt som halvråtne og kan mangle lemmer eller andre kroppsdelar. De flyttar seg stivt og hakkete, er apatiske, sløve og likegyldige utan annan vilje enn å drepe andre menneske. Dei opptrer ikkje sjeldan i flokk og kan «marsjere» i store mengder mot offera. I nyare filmar har zombiar vorte framstilt som raskarar og smartarar for å skape fart og spenning. Zombiar må ofte «drepast» (for godt) ved å stanse aktiviteten i hjernen eller forhindre hjernen frå å sende signal til kroppen. Ein vanleg metode for å få til dette i filma, bøker og spel er ofte å kutte av eller skyte dei i hovudet.

Det er laget mange zombifilmar gjennom filmhistoria. Her er eit lite utval:

Det er ikkje alltid zombifilmar berre dreiar seg skrekk. Personar som George Romero nyttar zombiane for å få fram ein metafor, for å vise den verkelege faren. Slik som i Night of the Living Dead, der zombiane mellom anna vert nytta for å vise kor dårleg menneske samarbeider i slike stunder.

Remove ads

Zombiar i data- og videospel

I spel som Resident Evil er det ein sjukdom som vekker dei døde eller snarare forvandlar levande menneske til zombiar. Også i TimeSplitters-trilogien medverkar zombiar aktivt. I dette spelet medverkar dei i mange forskjellige roller.

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Zombie


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads