Fosfor
grunnstoff med kjemisk symbol P og atomnummer 15 From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Remove ads
Fosfor er eit ikkje-metallisk grunnstoff med kjemisk symbol P og atomnummer 15. Det er plassert i gruppe 15 i p-blokka i periodesystemet.
Fosfor finst i minst fire allotrope former. Kvitt fosfor og raudt fosfor er dei to vanlegaste.
Remove ads
Biologisk rolle
Den største delen av fosfor i menneskeroppen, rundt 86%, finst i bein og tenner i bindingar med kalsium. 8-9 % finn ein i musklane og resten i organa og blodet.
Fosfor er ein viktig komponent i DNA-molekylet, som lagrar arvestoff, og finst i ATP-molekyl, dei viktigaste energilagra i kroppen. Stoffet er òg del av mange av enzyma som styrer næringsomsetjinga. Det er ein del av fosforlipidane, som regulerer feittomsetjinga og feittbalansen i blodet. Gjennom fosforhaldige samband hjelper det til med å transportera hormon gjennom cellemembranen inn i cellene.
Mangel på fosfor i kroppen kan føra til problem med bukspyttkjertelen, mjukning av bein, tannverk, minka vekst, vekttap, lågare kapasitet i hjernen og nervene og generell trøytnad. Dersom ein derimot stadig får i seg for mykje fosfor kan blodet bli syrleg slik at kalsium blir løyst frå beina og skilt ut i urinen bunden til fosforet. Dette vil føra til mangel på kalsium og ein auke i feittmengda i blodet. Eit kosthald som er svært høgt på kjøtmat kan gje for mykje fosfor.
Kjelder for stoffet er kjøt, fisk, egg, korn, ris, mjølkeprodukt, ølgjær, lecitin, ertevekstar og tørka frukt.
Remove ads
Bruk
Fosfor vert særleg brukt i gjødsel i form av konsentrert fosforsyre
Viktige sambindingar
- Fosforsyre
- Fosfat
Sjå også
- Fosforescens
- Grunnstoffliste
- Periodesystemet
- Isotoptabell
Bakgrunnsstoff
- Fosfor Arkivert 2005-02-07 ved Wayback Machine.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads