Foxy Lady
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Foxy Lady» (eller stundom «Foxey Lady») er ein song av The Jimi Hendrix Experience frå albumet Are you Experienced i 1967. Songen finst òg på mange av samlealbuma til Jimi Hendrix. Rolling Stone kåra songen til den 152. beste på lista si over dei 500 beste rockesongane gjennom tidene.
Foxy Lady Song av The Jimi Hendrix Experience frå albumet Are You Experienced | ||
Utgjeve | 12. mai 1967 (UK) | |
Innspelt | 13. desember 1966 | |
Sjanger | Rock, psykedelisk rock | |
Lengd | 3:22 | |
Selskap | Track Records (UK) | |
Komponist | Jimi Hendrix | |
Tekstforfattar | Jimi Hendrix | |
Produsent | Chas Chandler |
Songen er kjend for gitarriffet, der Hendrix skiftar mellom to oktaver. Det er ein av dei første songane der Hendrix nyttar feedback på ei studioinnspeling. Songen nyttar den såkalla Hendrix-akkorden, den dominante 7#9.
Den amerikanske versjonen av Are You Experienced har ført opp songen på plateomslaget som «Foxey Lady», som var ein trykkfeil,[1] og mange skriv derfor namnet slik i dag.
Gruppa hadde vanskar med å avgjere korleis dei skulle avslutte songen. Bassisten Noel Redding hevdar den siste akkorden var forslaget hans.[2]
Hendrix kommenterte teksten sin og sa at han ikkje pleide å snakke til damer på ein så direkte måte som teksten indikerer.[2]
Remove ads
Andre utgåver
- Studioopptak
- 1968 • The Human Beinz • Nobody But Me
- 1968 • Booker T. and the M.G.'s • Soul Limbo
- 1979 • The Cure • Three Imaginary Boys
- 1989 • Roger Taylor's The Cross • Mad, Bad and Dangerous to Know
- 1991 • Blue Cheer • Dining With the Sharks
- 1999 • ESP • Lost and Spaced
- 2002 • Harry Manx • Wise and Otherwise[3]
- 2007 • ZZ Top • Live From Texas
- Konsertopptak
- 1993 • Paul Rodgers • The Hendrix Set
- 1998 • Popa Chubby • The Jimi Hendrix Music Festival
- Red Hot Chili Peppers[4] og ZZ Top,[5] stundom spelt på konsertar
- Paul McCartney spelar stundom denne songen etter «Let Me Roll It»
- Gitarist Roy Buchanan spelar stundom songen etter «Hey Joe»
- Gitarist Buckethead
- Songen er spelt av Mick Jagger med Jeff Beck på konsertar.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads