Are You Experienced

album av The Jimi Hendrix Experience From Wikipedia, the free encyclopedia

Are You Experienced
Remove ads

Are You Experienced er debutalbumet til det engelsk/amerikanske-rockebandet The Jimi Hendrix Experience. Det kom ut i 1967 og var den første utgjevinga til Track Records. Albumet kasta lys over den R&B-baserte, psykedeliske, forvrengde og feedback-tunge elektrisk gitarstilen til Jimi Hendrix, og lanserte han som ei ny, stor internasjonal stjerne.

Meir informasjon Kritikk, The Jimi Hendrix Experience-kronologi ...

Are You Experienced fekk god kritikk og selde godt då det kom ut, og har halde fram denne trenden gjennom åra. Det nådde andreplassen på lista i Storbritannia, berre bak The Beatles sitt Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band. Den amerikanske versjonen av albumet inneheld nokre av dei mest kjende songane til Hendrix, «Purple Haze», «Hey Joe» og «Fire». Albumet har vorte hylla som eit av dei beste gjennom tidene. I 2003 rangert Rolling Stone albumet på 15. plass på lista deira over dei 500 største albuma gjennom tidene. Albumet var det mestseljande i USA i 1968.

I 2005 vart Are You Experienced vald ut for permanent bevaring i National Recording Registry av Library of Congress i USA.

Remove ads

Produksjon

Hendrix hadde danna the Jimi Hendrix Experience i England i 1966, med Mitch Mitchell på trommer og Noel Redding på bass, og hadde signert ein kontrakt med Track Records, nyleg danna av The Who-managerane Kit Lambert og Chris Stamp. Bandet spelte inn tre singlar produserte av Chas Chandler: «Hey Joe»/«Stone Free» (desember 1966 - gjeven ut via Polydor Records fordi Track ikkje enno var i drift), «Purple Haze»/«51st Anniversary» (mars 1967, den første utgjevinga til det nye Track Records) og «The Wind Cries Mary»/«Highway Chile» (mai 1967). Alle tre nådde Topp 10 i Storbritannia. Under innspelinga av desse singlane, spelte Jimi Hendrix Experience òg inn songane som vart debutalbumet deira, med Chandler som produsent og Eddie Kramer som lydteknikar.

Remove ads

Utgjeving

Albumet kom ut i Storbritannia i mai 1967 utan dei tre singlane, slik det var vanleg i Storbritannia på denne tida, og albumet nådde andreplassen her.

Det vart først etter at bandet hadde stole merksemda på Monterey Pop Festival i juni 1967 at det amerikanske og kanadiske selskapet Reprise Records gjorde albumet klart for utgjeving i Nord-Amerika. Dei endra plateomslag og gav ut albumet med dei tre hitsinglane, medan «Red House», «Can You See Me» og «Remember» vart fjerna. Songane vart òg miksa på nytt i stereo. Albumet nådde femteplassen i USA i oktober 1968, og på grunn av dei høge salstala her, vart det neste albumet, Axis: Bold as Love, utsett til desember.

Remove ads

Mottaking

Are You Experienced har vorte skildra som eit av dei beste debutalbuma i heile rockehistoria. VH1 kåra albumet til det femte beste gjennom tidene i 2001. I 2003 vart den amerikanske utgåva av albumet rangert på 15. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene, medan same magasin sette albumet på 5. plass på lista deira over dei beste albuma dei siste 20 åra i 1987.Guitarist kåra albumet til det viktigaste gitaralbumet gjennom tidene i 1994.[1] og Mojo gjorde det same i 2003.[2] Creem kåra albumet til det sjette beste metal-albumet frå 1960-åra.[3] Vibe (12/99, s. 156) hadde albumet med på lista over 100 essensielle album frå 1900-talet. NME (10/2/93, s. 29) rangerte det i 1993 på 29. plass på lista over dei største albuma gjennom tidene.[4] I mars 2000 i kåra lesarane til Guitar World Are You Experienced til det største albumet på 1900-talet.[5]

Innhald

Britisk og internasjonal utgåve

Alle spor skrivne av Jimi Hendrix, bortsett frå «Hey Joe» av Billy Roberts.

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Nordamerikansk utgåve

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads