Främling
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Främling» (norsk omsetjing 'framand') er ein svensk slager-popsong frå 1983 som er komponert av Lasse Holm, med tekst av Monica Forsberg. Songen blei framført av Carola Häggkvist i svenske Melodifestivalen 1983, der han vann ein klår siger. Songen blei dimed det svenske bidraget til Eurovision Song Contest 1983 i München, der han enda på ein tredjeplass. Singelen «Främling» blei seinare gjeven ut i heile Europa, og blei gjennombrotslåten for Carola. Det påfølgjande albumet hennar selde i ein million eksemplar i Skandinavia.[1]
Remove ads
Bakgrunn
«Främling» var ein av ti deltakerlåtar i den svenske Melodifestivalen i Malmö 27. februar 1983, og han blei framført av 16 år gamle Carola Häggkvist. I tevlinga fekk ho toppoeng av samtlege juryar, noko som aldri hadde skjedd før i historia til Melodifestivalen. Undervegs i avrøystinga heldt Carola på Bibelen og utbraut: «Eg takkar Gud!» då sigeren var eit faktum.[2]
Med sigeren i Melodifestivalen blei «Främling» det svenske bidraget i den internasjonale finalen i München 23. april same året. I Eurovision Song Contest var Sverige det fjerde bidraget på scena av 20 bidrag. Trass i at mikrofonen til Carola ikkje fungerte heilt i starten, overbeviste ho jurygruppene og enda på ein tredjeplass. Til saman fekk songen 126 poeng – inkludert 12 poeng frå Noreg og Tyskland.[3]
Svenskane hadde på førehand store forventningar til «Främling»; den internasjonale finalen blei følgd av 6,1 millionar svenske tv-sjåarar, tilsvarande 84 prosent av befolkninga i landet. Dette er framleis rekord i Sverige.[4]
Remove ads
Gjennombrotet til Carola
For Carola blei «Främling» det store musikalske gjennombrotet hennar. Songen blei ein stor suksess i Skandinavia, og han toppa VG-lista i Norge. Dette var den fyrste svenskspråklege låten til å toppe VG-lista sidan «Tag emot en utsträckt hand» av Ann-Louise Hanson i 1972.[1][5]
Det påfølgjande albumet Främling selde i 1 million eksemplar i Skandinavia, og er framleis det mest selde albumet i Sverige gjennom tidane.[1] Også i Noreg selde albumet bra og låg på VG-lista i over eit halvt år.[6]
Remove ads
Listeplasseringar
Andre versjonar
Carola spelte inn låten på fleire språk:
- Svensk – «Främling»
- Engelsk – «Love Isn't Love»
- Tysk – «Fremder»
- Nederlandsk – «Je ogen hebben geen geheimen»
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads